Kor lenge skal eg ha det så vondt?
Den beste motgifta mot løgn

Vår verste fiende

Salme 119,85 Dei frekke grev fallgraver for meg i strid med di lov (Strong 8451).

Dei fiendane som jaga David var frekke og hovmodige folk. Dei grov fallgraver for han. Han bruker ein jaktmetode som bilete på det han matte gå gjennom og kjempa mot. Ei fallgrav er ei djup grav som er dekkja til med eit tynt dekke som dyret ein jaktar på fell gjennom og blir fanga i. Slik prøver dei frekke fiendane hans å lura han i ei felle. Kanskje prøver dei å ta han fysisk til fange eller å få han til å gjera nokre feilsteg slik at dei kan bruka lova til å fella han. Dei prøver å lura han til å gjera noko som er i strid med Guds lov. Sjølve har dei inga respekt for Guds lov, men vil bruka alt dei kan for å fella David.

Når David seier at det er frekke, hovmodige folk som grev ei fallgrav for han, går tankane min til noko han seier i Salme 19,13-14. Her seier han at det er så lett å gjera feil at ein ikkje alltid merkar det sjølv. Kven kjenner sine eigne feilsteg? Difor audmjuker han seg og ber om tilgjeving for all umedviten synd. Så seier han: Spar din tenar for hovmod, lat det ikkje få meg i si makt. Då er eg heil og fri for store synder.

Å bli fanga i hovmod er noko av det verste som kan henda eit menneske. Den hovmodige vil aldri innrømma feil. Han er heilt blind for eigne feil. Han ser ikkje sitt eige hovmod. David hadde faktisk mange menneskelege fiendar som stod imot han på mange måtar. Dei fleste av oss har det ikkje slik. Vi kjempar meir mot usynlege fiendar som påverkar sinn og tankar. Det er særs viktig å vera på vakt mot hovmod for det er ein av våre verste fiendar. Når vi blir stolte ligg alt til rette for å falla i store synder, for då har vi ikkje rett respekt for Bibelen som Guds ord. Det må vi setja alt inn på å unngå.

Stolte og hovmodige folk hatar Guds sanne ord og lyder aldri Guds lov, men legg feller for dei rettferdige.

Comments