Den beste motgifta mot løgn
Berg meg frå døden!

Når livet heng i ein tynn tråd

Salme 119,87 Dei har mest gjort ende på meg her på jorda, men eg forlèt ikkje dine påbod (6490).

Det er vanskeleg å førestilla seg kor vanskeleg David har det, når han skriv dette verset. Fiendane har nesten lukkast i å drepa han. Livet heng i ein tynn tråd. Uvennene har nesten øydelagd livet hans på jorda. Reint fysisk må dette ha vore svært vanskeleg. Det verkar som om dei hadde han i si makt, men det var ikkje heilt ute med han.

Dei har mest gjort ende på meg her på jorda. Ta bort dette eine ordet mest, og setninga får ei ny fatal meining. Nesten , heldigvis berre nesten. Det var ikkje langt frå at det var slutt for han. Det var som om han mest tvilte på om han ville overleva. Eg har aldri vore i ei slik stode reint fysisk, men eg har hatt det så vanskeleg inni meg at eg mest har gått til grunne. Ved Guds nåde har eg i desse tider med indre uro ikkje forlate hans påbod. Guds ord har halde meg oppe i vanskane. Guds lovnader har gjeve meg mot og tru. Eg har kome meg ut or den mørke tunnellen på den andre sida.

Livet kan vera veldig vanskeleg, med både ytre og indre strid. I slike tider må vi ikkje forlata Guds påbod, for då mistar vi fotfeste og kan falla i den djupaste fallgrava.

Comments