Ei sikker vinnaroppskrift
Eg held føtene borte frå vonde vegar

Meir innsikt enn dei gamle

Salme 119,100 Eg har meir innsikt enn dei gamle, for eg tek vare på dine påbod (6490).

Dette er tredje gongen i denne bolken at David samanliknar seg sjølv med andre og kjem godt ut av det. I dette verset påstår han at han har meir innsikt enn dei gamle. Normalt er det jo slik at dei gamle har mest innsikt, for dei har levd lenge og er rike på røynsle. Det David seier viser at det ikkje alltid er dei gamle som har mest innsikt. Det same er tilfelle med Elihu (Job 32,6-9). Han var ung av år og vegra seg lenge for å seia noko. Til slutt sa han: «Det er ånda som er i mennesket, pusten frå Den Veldige, som fører til innsikt. Det er ikkje talet på år som gjev visdom, dei gamle veit ikkje alltid kva som er rett.»

Grunnen til meir innsikt er i følgje David, å ta vare på Guds påbod. Dette hadde han gjort til sin leveregel. Han hadde sett seg føre å vera svært samvitsful i å leva etter Guds ord. Dette er den tryggaste vegen til innsikt. Visdom, klokskap og innsikt kjem ved å halda seg til Guds ord. Når vi gjer det til ein vane å grunda på Guds ord og å gjera det Gud seier, kan vi vera trygge på at vi gjer det som er klokt og rett.

Den beste måten å auka sann kunnskap på, er å leva etter Guds ord. Dei som lever etter Jesu lære vil oppleva at læra er frå Gud. Dei vil veksa i innsikt og visdom. Kjærleik til Ordet vil føra til lys i Ordet. Dei reine av hjartet vil sjå Gud i Ordet. Dei vil få verkeleg innsikt i dei djupe, men samstundes enkle sanningane som fører til eit godt liv.

Guds ord hjelper oss til å forstå ting betre enn all tradisjon eller lære som er gjeve oss frå tidlegare generasjonar av vise menn. Bibelen, som er Guds skrivne ord, er ein tryggare rettleiar til eit gudfryktig liv enn alle teologiprofessorar og kyrkjefedrar. Vi har sjølvsagt mykje å læra frå slike folk, men den beste visdomen får vi frå å ta vare på Guds påbod og leva ut Guds ord i kvardagen. Då blir kunnskapen meir enn gode teoriar, men levd liv. Den innsikta vi får når vi lyder Guds påbod er meir verdfull enn all kunnskap som finst i bøker skrivne av lærde folk.

Comments