For eg er din!
Alt har ein ende

Kva gjer vi når folk vil øydeleggja oss?

Salme 119,95 Dei lovlause ventar på å øydeleggja meg, eg tenkjer på dine lovbod.

David klagar over sine motstandarar, dei er lovlause og legg planar om å drepa han. Dei reknar faktisk med å lukkast i å øydeleggja han. Dei venta på ein anledning til å slå til mot han. Desse lovlause folk var trygge på at dei skulle gjera ende på han.

David sitt svar er fantastisk. Han ofrar dei ikkje ein tanke. Han tenkjer på noko mykje betre enn motstandarane sine vonde planar. Han let seg ikkje uroa av vondskapen deira. Han let ikkje det vonde ta tankane bort frå Guds heilage ord. Tenk for ei hjartero han hadde. Når folk vil øydeleggja han, har han nok ro i sjela til å tenkja på Guds lovbod. Han triumferte over deira vonde plan mot han då han ikkje let dei ta frå han sin trygge og fromme sjelefred.

Her har vi mykje å læra av korleis vi kan vinna over motstand. Vi kan rett og slett ignorera kva dei lovlause held på med. Vi treng ikkje gje dei tid og tankar. Vi har noko betre å gjera. Det beste vi kan gjera i motgang og vanskar, når lovlause ligg på lur for å fanga oss og øydeleggja oss, er å meditera på Guds lovbod. Når vi tenkjer på Guds gode bod får vi fred i hjartet og ro i sjela. Guds lovbod viser oss ei trygg framtid. Guds ord skaper håp og tru.

Det beste vi kan gjera er å tenkja på Guds lovbod og gleda oss i Herren. Det er det tryggast vi kan gjera i medgang og motgang. Til og med når vonde menneske ligg i bakhald for å drepa oss, er det trygt å venda sinn og tankar til Gud for meir og meir å kunna forstå hans vegar.

Comments