Du rettleier meg
Guds påbod gjer oss fornuftige

Kor søte dine ord er

Salme 119, 103 Kor søte dine ord er for ganen, betre enn honning i munnen.

Det er eit veldig fint bilete David bruker når han skal forklara kva Guds ord er for han. Orda som kjem frå Guds munn er søte for ganen, betre enn honning. Honning er jo det søtaste som finst i naturen. Det er både sunt og godt.

Når vi et Guds ord og tek det til oss, gjer det godt. Når ordet frå Gud blir personleg for oss, skaper det ei djup kjensle av velvære. Guds ord tilfredsstiller oss og fyller oss med glede. Det finst vel ikkje betre åndeleg smak, enn den vi får når vi tek imot Guds ord i hjartet. Dei finaste augneblikka i livet er når vi høyrer Guds røyst og et Ordet. Gjennom Guds ord kan vi smaka og sjå at Gud er uendeleg god.

Det er viktigare enn nokon gong før at vi utviklar den åndelege smakssansen vår. Gjennom media blir vi fora med all slags åndeleg mat. Vi må læra å skilja det gode frå det skadelege. Det er dessverre slik at mykje som er skadeleg kan smaka godt for kjøttet, men vil øydeleggja det åndelege livet. Når vi har fått smaken på Guds ord, vil ingen andre ting kunna tilfredsstilla oss. Om vi ved Guds hjelp utviklar den åndeleg smakssansen vår, vil vi lettare gjenkjenna det som er ekte og kjem frå Gud. Då trur vi ikkje lenger fordi andre har sagt noko til oss, men fordi vi sjølve har høyrt Gud og veit med oss sjølve at han er vår frelsar (Joh 4,42).

Å, kor herleg det er å smaka Guds ord og oppdaga Guds gode vilje for livet vårt! Denne gode søte smaken samanliknast med noko anna tilfredsstilling.

Comments