Berg meg frå døden!
Guds truskap varer frå slekt til slekt,

Herrens ord er urokkande og uforanderleg

I denne komande bolken, frå vers 89 til 96 startar alle versa med den hebraiske bokstaven Lamed. Vi har no kome til midten i salmen. Det er eit slag vendepunkt frå denne bolken. David har vore i djup fortviling og i fare for å mista livet. No slår han an ein meir optimistisk tone. Det er som om han i dei elleve tidlegare bolkane har sagt: Heilt til i dag har Herren vore med meg, skal eg no gå til grunne? Medan han i dei neste elleve bolkane seier: Herrens ord står fast! Trass i alle vonde varsel vil Herren fullføra det gode verket han har begynt i meg!

Salme 119, 89 I all æve, Herre, står ditt ord fast i himmelen.

David har vore ute i hardt ver. Sterke fiendar har gått til åtak på han og mest gjort ende på han. Store bølgjer har slått mot han og han har vorte kasta hit og dit av sterke vindar av motløyse. No verkar det som han har hoppa av den gyngjande båten og kome seg til land og fått fast grunn under føtene. Han har sett føtene sine på fjell og står støtt.

Jublande bryt han ut: Herre, ditt ord står for alltid fast i himmelen. Det er eit sterkt uttrykk for tillit til Guds ord. Herren ord er ikkje usikkert eller skiftande. Det er urokkande og uforanderleg. Det er trygt og traust.

Menneske skiftar meining, men Guds ord skiftar ikkje meining. Menneskelege tankar kan svinga i alle retningar, men Guds veg går beint fram til målet. Menneskelege teoriar må ofte endrast når forsking finn ny fakta og innsikt. Guds ord og han evige hensikt kan ikkje endrast. I all æve står Guds ord fast i himmel og på jord. Guds makt og herlegdom er bak kvart einaste ord i Bibelen. Vi kan stola på det Gud seier. Vi kan ha tillit til Guds ord. Gud gjennomfører alle ting etter sin plan og vilje.

I trygg vissa kan vi lovprisa Herren som har fastsett kva som er rett og galt, godt og vondt. I trygg tru kan vi møta framtida med eit håp. Guds gode plan står fast. Gud vaker over ordet sitt for å fullføra det.

Comments