Herrens ord er urokkande og uforanderleg
Det kristne livssynet gjer oss trygge og vidsynte.

Guds truskap varer frå slekt til slekt,

 

Salme 119,90 Din truskap varer frå slekt til slekt, du har grunnfest jorda, og ho står ved lag.

Det er ei fantastisk sanning vi møter i dette verset. Gud blir ikkje påverka av tider og trendar. Gud står utanføre tid og rom. Han er ikkje underlagt dei skiftande kreftene i denne forgjengelege verda. Han er opphavet og enden. Han er skapar og fullendar. Han er trufast.

Gud er ikkje berre trufast mot eit menneske i si levetid, han er også trufast mot barn og barnebarn. Gud er ein trufast Gud frå slekt til slekt - for alle generasjonar. Dess eldre eg blir dess meir set eg pris på denne sanninga. Det er stort å vita at trua har gått i arv til meg frå mine forfedrar, og no går vidare til barn og barnebarn. Gud har vore trufast i tidlegare slekter, han har vore trufast mot meg i eit langt liv og han vil vera trufast mot komande generasjonar.

Guds truskap omfamnar også jorda, ja heile skaparverket. Jorda står ved lag på grunn av Guds ord. Dette er trygt og godt å vita. I desse globale krisetider vrimlar det av pessimistiske teoriar av mange slag som tek mot og framtidstru frå menneske. Guds ord seier at Gud har jorda og skal føra heile skaparverket fram til herlegdom. Gud bryr seg om skaparverket sitt. Han er trufast mot det han har skapt for å fullføra og ikkje øydeleggja. Ein dag skal heile skaparverket frigjerast frå forgjengelegdom. Guds truskap varer evig.

Comments