Kor søte dine ord er
Bibelen er ein trygg vegvisar

Guds påbod gjer oss fornuftige

Salme 119,104 Eg får innsikt av dine påbod (6490), difor hatar eg falske vegar (734).

Ein av grunnane til at Guds påbod smakar godt er at vi får innsikt. Guds ord gjev oss god forstand. Det hjelper oss å tenkja rett og fornuftig. Ordet gjev oss sunn dømmekraft. Det hjelper oss å skilja mellom godt og vondt, rett og galt. Når alt synest å vera ein av femti nyansar av grått, er det godt å kunna avsløra dette og visa at det gråe ikkje er kvit og reint. Det finst noko som er heilt kvit, reint og godt, og det er livet i Guds lys. Guds ord viser oss den gode vegen og bergar oss frå det vonde. Då kan vi også rettleia og hjelpa andre til å leva gode liv.

Åndeleg innsikt vil føra til at vi hatar falske vegar. Alle syndige vegar er falske vegar for dei forfører og vil øydeleggja alle som går på dei, jamvel om folk kan oppleva ei nyting medan dei er på den syndige vegen (Ord 14,12). Gode folk vil ikkje berre halda foten sin borte frå syndevegen, men dei hatar han fordi han er falsk. Folk som elskar Gud avskyr alt som er falskt. Alle falske vegar fører til øydelegging.

Dess meir innsikt vi får frå Guds ord, dess meir intenst vil vi avsky og hata synd og urett. Vise og gudfryktige menneske flyr det vonde og falske. Synda seglar som regel under falsk flagg. Ho held ikkje det ho lovar. Ho lovar fridom, men fører til trelldom. Ho lovar nyting, men fører til evig pine. Dess betre vi kjenner skriftene, dess betre utrusta er vi til å avsløra dei falske vegane. Innsikt i Guds bod vil halda oss borte frå synd.

Comments