Å, kor eg elskar Guds lov
Ei sikker vinnaroppskrift

Guds bod gjer meg vis

Salme 119,98 Ditt bod gjer meg meir vis enn mine fiendar. Det er alltid hos meg.

Det er ein frimodig påstand David kjem med i dette verset. Han seier ikkje berre at Guds bod gjer han vis, men at bodet gjer han visare enn fiendane hans. Han er ikkje stolt eller arrogant når han seier dette, for han kan sjå tilbake på ei langt liv. Han har kome langt og hatt større framgang enn dei som har stått imot han. Difor er det ikkje tome ord han kjem med, når han seier at Guds bod har gjort han visare enn fiendane hans.

I sin ungdom gjætte han sauer. Det var den lågaste av alle jobbar. Han var den yngste av ein stor syskenflokk og familien hadde ikkje store forventingar til han. Han var ein ærendsgutt for far sin. Dei eldste brørne var etla til dei største og ærefulle stillingane. Likevel var det han som nådde lengst. Han vart konge og la folkeslag og store landområde under seg, i samsvar med Guds lovnader.

Han kjem med ein frimodig påstand, men er likevel audmjuk. Han slår fast at erfaringa viser at han har vore visare enn fiendane. Han har nådd lenger enn dei fleste. Likevel tek han ikkje ære for dette sjølv. Han gjev ære til Gud. “Du har gjort meg!” All sann visdom kjem frå Gud. Gud bruker boda til å gjera menneska vise. Fordi David har følgd Guds lov har det lukkast for han i livet. Han har vorte vis. Å vera vis er å gjera ting på rett måte slik at det går bra. Han er ei levande bevis på dette. Paulus seier at Guds ord utrustar oss til all god gjerning.

Nøkkelen til å bli vis er i følgje David at bodet alltid er hos han. Det vil seia at han fyller sinn og tankar med Gud lov. Han grunnar på Guds ord og er alltid medviten om kva Guds bod seier. Eit godt menneske ber alltid Bibelen med seg. I våre dagar er det fysisk lettare enn nokon gong gjennom appar på mobiltelefonen. Endå viktigare er det å ta Guds ord med oss inn i kvardagen, på studieplassen og i arbeidslivet. Vi må ha Guds bod med oss i tankane og i hjartet slik at vi lærer å ta rette avgjerd i samsvar med Guds ord. Då blir vi visare enn dei som står imot Gud.

Comments