Eg gløymer aldri
Kva gjer vi når folk vil øydeleggja oss?

For eg er din!

Salme 119,94 Frels meg, for eg er din! Eg spør etter dine påbod (6490).

Når David ber om å bli berga, grunngjev han bønna med å seia, for eg er din. Han seier ikkje du er min, at eg er din. Han seier ikkje, du er min. Heller ikkje seier han noko om seg sjølv, korleis han er. Han er audmjuk og fast i tru når han seier, eg er din, eg er ikkje min eigen herre, eg tilhøyrer ikkje verden. Det største han veit er at han tilhøyrer Gud.

Det er veldig trygt og godt å kunna seia til Gud, eg er din. Eg er din fordi du har skapt meg. Eg er din for du har valt meg ut i Kristus før verda vart skapt. Eg er din for du har kjøpt meg fri ved Jesu blod. Eg er for du kalla meg til omvending og tru. Eg er din fordi eg har teke imot Jesus Kristus som min frelsar og Herre. Eg er din og det er ditt verk! Takk!

David grunngjev denne trygge vissa om å tilhøyra Gud med det faktum at han spør etter Guds påbod. Vi har sett det mange gonger i denne salmen at han har eit sterkt ønskje om å forstå Guds bod slik at han leva etter dei. Det har vorte ein vane for han å spørja etter Guds påbod. Han er styrt av det Gud seier for han vil leva etter Guds vilje.

Vi veit ikkje kva stode David var i då han bad denne bønna om å bli berga, men han appellerte til Gud om å hjelpa han, for eg er din. Uansett kva utfordringar vi møter i livet så kan vi rekna med Guds hjelp, serleg når vi kan seia, for eg er din!

Lat oss alltid spørja etter Guds påbod og søkja å leva etter hans vilje, for vi er hans barn.

Comments