Guds bod gjer meg vis
Meir innsikt enn dei gamle

Ei sikker vinnaroppskrift

Salme 119,99 Eg skjønar meir enn alle mine lærarar, for eg grundar på dine lovbod (Strong 5715).

Det ser ut til at David blir meir og meir frimodig. Tenk, han seier at han skjønnar meir enn alle lærarane sine. Det er ein ganske dryg påstand. I førre vers sa han at han Guds bod gjorde han visare enn fiendane sine, men no seier han at han skjønner meir enn alle lærarane sine til saman. Det er tydeleg at David ikkje kjenner til Jantelova.

Det første vi kan slå fast før vi går vidare, er at grunnen til at David kan seia dette, er at det kjem av at han grundar på Guds lovbod. Det er Guds ord som gjev han forståing og innsikt. Guds bod gjer han vis og klok. Han skjønnar meir enn desse lærarane fordi han grundar på Guds ord og set det han lærer ut i praksis. Han tek imot Ordet, lærer av det og lever etter det. Å høyra kva Gud seier i Ordet og gjera etter det, er ei sikker vinnaroppskrift. Dei som grundar på Guds ord og lever etter det, blir Guds venner. Dei får del i openberringar som det naturlege mennesket ikkje får del i.

Desse lærarane han viser til kan ha vore slik som ville vera lærarane hans og kritiserte han og ville få han til å endra livsstil. Ved å leva etter Guds ord gjekk det så godt for han at alle kunne sjå at han hadde valt den gode vegen og at dei andre hadde teke feil. Eller det kan vera at dei som skulle vore lærarane hans, prestane og levittane, som sat på Moses sin stol, forsømde si teneste. Kanskje dei var meir opptekne av si eiga ære og stilling enn å granska Guds ord og formidla kunnskap om Gud vidare til andre. Eller kanskje tenkjer han på dei som var lærarar for han i hans unge år. Dei som la ein slik god grunnvoll inn i livet hans, at han kunne byggja vidare på det han hadde lært. Dei hadde lært han å stola på Guds ord og granska og grunda på Guds lov. Dei hadde lært han å ta Guds ord på alvor og leva etter Guds bod.

Ved å praktisera dette hadde han vunne stor innsikt og forståing i Guds ord. I det fortrulege samfunnet han hadde med Gud lærte Gud han å kjenna si evige pakt. Herren hadde lært han den vegen kan skulle følgja. Takka vere dei gode lærarane som la den gode grunnvollen i livet hans, hadde han no meir innsikt enn dei. Han skjønna meir enn dei fordi han hadde bygd vidare på det dei lærte han. Han hadde gått djupare inn i Ordet. Han hadde fått ei fortruleg samfunn med Gud og levde i frisk openberring. No kunne han undervisa på dei gamle gode lærarane sine og andre, for han hadde gjort det til ein vane å grunda på Guds ord. Lat oss følgja han føredøme!

Comments