Meir innsikt enn dei gamle
Du rettleier meg

Eg held føtene borte frå vonde vegar

Salme 119,101 Eg held føtene borte frå vonde vegar (734) så eg kan akta på ditt ord.

Igjen er det ei fantastisk fin innstilling David viser oss. Han seier at det er noko han held seg bort frå. Han unngår alt det som er vondt og ureint. Han har gjort eit val for livet. Han vil akta på Guds ord. Han vil leva etter Guds bod. Difor kan han ikkje gå på dei vonde vegane. Han kan ikkje følgja ein livsstil som er i strid med det Gud seier i Skrifta.

David gjer seg stort strev for å halda føtene sine borte frå alle vonde vegar. Han er nøye med korleis han lever. Han er vaken og ser etter kor han går. Så snart han oppdagar at han er utsett for freisting til å gjera noko som Gud seier er galt, dreg han seg tilbake frå den vegen. Dersom vi ikkje er vakne kan vi lett hamna opp i ei stode vi ikkje burde vera i.

Vegen kan vera brei og flott. - ein veg det er lett og komfortabelt å gå. Landskapet er grønt og forlokkande og mange går på denne vegen. Men om det er ein syndeveg er det ein vond veg. Då må vi halda føtene borte frå den vegen, fordi vi veit kor han endar.

Dette er noko vi må gjera alle stader og til alle tider, å halda oss borte frå syndige vegar. Vi må sky alt som er smitta av synd og vondskap. Det er den einaste måten vi kan på Guds ord. Går vi på kompromiss, er vi ille ute. Når vi held oss borte frå synd og alt som fører til synd, vil det visa at vi har teke eit livsval om å akta på Guds ord. Dette forsettet om å halda føtene bort frå dei vonde vegane og avstikkarane, er viktig for å kunna ta vare på Guds ord og gjera Guds vilje i alle ting.

Comments