Om vi ikkje frydar oss i Guds lov, går vi til grunne
For eg er din!

Eg gløymer aldri

Salme 119,93 Eg gløymer aldri dine påbod (6490), ved dei gjev du meg liv.

Det er ei flott innstilling David viser oss i dette verset. Dette er eit resultat av eit forsett han har gjort lang tid tilbake. Han har teke eit val for livet om å halda fast ved Guds ord. Dette vik han ikkje frå: Eg gløymer aldri dine påbod!

Det beste beviset på at vi elskar Guds ord er at vi ikkje gløymer det. Det går faktisk an å gløyma kva Gud har sagt. Vi er under stadig påverknad av den kulturen vi lever i. Når kulturen står for andre verdiar enn dei vi finn i Guds ord blir vi utsett for press. Dei fleste av oss går ikkje direkte på kompromiss med det vi veit Guds ord seier. Men om vi gløymer kva Guds ord seier, er det lett å tenkja slik fleirtalet av vanlege folk tenkjer. Om vi ikkje er på vakt er det lett å gløyma Gud påbod og bli påverka av sekulær tankegang.

David seier at han ikkje vil gløyma kva Gud har sagt, for Guds ord gjev han liv. Dette er noko han har opplevd for han taler av eiga røynsle. Eg kan seia det same. Guds ord fornyar og forfriskar meg. Guds ord skaper tru og frigjer liv i meg. Når eg tek til meg Guds ord blir eg bygd opp og styrkja i mitt indre menneske. Guds påbod får meg til å leva eit sunt og godt liv.

Vi lever ikkje av brød åleine, men av kvart ord som kjem frå Guds munn. Difor er det viktig å høyra Guds ord forkynt og undervist. Kvar dag må vi ta til oss næring frå Guds ord ved systematisk lesing av Bibelen. Vi treng gode vaner for å lesa, grunna og studera Bibelen. Utan dette er det lett å gløyma Guds påbod, og det er livsfarleg.

Eg gløymer ikkje dei djupe openberringane Guds påbod gjev meg, for dei har halde meg i live og verna meg mot mykje vondt. Eg vil ikkje gløyma den rike arven som vi har i Bibelen.

Comments