Eg held føtene borte frå vonde vegar
Kor søte dine ord er

Du rettleier meg

Salme 119,102 Eg vik ikkje frå dine lover, for du rettleier meg.

I dette verset skin David sin heilhjarta truskap mot Herren gjennom på ny. Han er stødig i si tru. Stega hans er faste og han har ikkje slutta å lyda Guds lov. Å vika frå Guds lov er å ikkje bry seg om ho eller å vanvørda og forakta lova. Dette hadde David ikkje gjort.

Det handlar om å ha tru og integritet. Heilhjarta truskap mot Herren viser seg i tillit og lydnad. Når vi har valt ein kurs for livet, når vi har gjeve oss over til Herren, då har vi lagt ein trygg grunnvoll til å byggja vidare på. Det hjelper oss til ikkje å bli styrt av andre ting enn Guds ord.

No er det jo slik at alle kan gjera feil. Alle kan koma til kort. Sjølv den beste kristne kan bli lurt til å villa seg bort frå Guds ord. Når det skjer, må vi vera snare til å venda om og finna tilgjeving og nåde til ein ny start. Den audmjuke får alltid nåde. Historia om David viser det.

Det ligg i det David seier at han ikkje med vilje ville vika frå Guds lov. Han har synda, og han innrømmer synda si, men han vil ikkje fornekta Guds lov. Jamvel om det går galt og vi kjem til kort, vil vi likevel halda fast på Guds ord. Så lenge vi ikkje unnskyldar synda vår eller bortforklarer Guds lov, har vi ikkje vike frå Guds ord.

Grunnen til at David ikkje forkasta Guds lov finn vi i desse orda: For du rettleiar meg! Tidlegare har han bede om at Gud skal rettleia han. Det er tydeleg at ha har fått bønnesvar. Når han les, granskar og grundar på Guds lov, får han rettleiing og innsikt i Guds vilje for livet sitt. Når vi let Gud rettleia oss, får vi nåde i hjartet til å gå på Guds veg. Nåden set oss i stand til å høyra frå Gud og til å gjera det han viser oss. Lovnaden i den nye pakta er at alle skal vera opplært av Gud og vi skal alle kjenna han. Når Gud i sin nåde gjev oss rettleiing vik vi ikkje frå Guds lover.

Comments