Guds truskap varer frå slekt til slekt,
Om vi ikkje frydar oss i Guds lov, går vi til grunne

Det kristne livssynet gjer oss trygge og vidsynte.

Salme 119,91 Etter dine lover står dei til denne dag, for alle ting må tena deg.

Vi lever i eit ordna univers. Alt er styrt av universelle naturlover. All vitskap kviler på denne tanken som David uttrykkjer i dette verset. Himmel og jord er styrt av Guds evige ordningar. Det lovmessige skaparverket vitnar om Guds makt og guddom (Rom 1,19-20). Dei stabile ordningane, som dag og natt, viser at Guds pakt står ved lag (Jer. 31:35, 36; 33:20, 21). Heilt frå første skapardag og fram til denne dag står Guds lover ved lag. Faktisk er det slik at det er Guds evige naturlover som held både himmel og jord oppe. For av han og ved han og til han er alle ting. Han vere ære i all æve! (Rom 11,36)

Det kristne livssynet gjer oss trygge og vidsynte. Det viser oss at alt er skapt av Gud og at alle ting må tena han. Det er fantastisk stort å kunna vita dette. Det skaper ro i sjela når det stormar rundt oss. Det er dette David skildrar i denne salmen. Midt i stor motgang og forfølging er han trygg. Han veit at Gud er større enn alle fiendane hans. Alle ting må tena Gud.

Apostelen Paulus seier det slik: Vi veit at alle ting verkar saman til det gode for dei som elskar Gud (Rom 8,28). Her er ikkje rom for tvil eller diskusjon. Vi veit at alle ting må tena Gud. Difor verkar alle ting saman til det beste for dei som elskar han. For han har ikkje ulukke tankar for oss, men gode planar med framtid og håp.

Comments