Vår verste fiende
Når livet heng i ein tynn tråd

Den beste motgifta mot løgn

Salme 119,86 Pålitelege er alle dine bod. Hjelp meg! Dei jagar meg med løgn.

Uvennene jaga David med løgn. Dei spreidde all slag løgnaktige rykte om han. Dei jaga på han for å prøva å fanga han i ei felle og gjera ende på han. Å halda fast på sanninga er den beste motgifta mot løgn. Ofte er det lite hjelp i å prøva å forsvara seg mot løgn. Det hjelper heller ikkje å sloss mot løgnarane. Om vi reagerer feil på løgn og falske rykte mot oss, kan vil lett falla i synd.

Hjelp meg! Denne enkle bønna er svært effektiv i alle vanskar og utfordringar. Eg ber denne bønna ofte. Når eg ikkje veit korleis eg skal takla motgang og problem. Når eg ikkje har full oversikt, då ber eg denne bønna. Hjelp meg! Gong etter gong opplever eg at Gud hjelper meg.

David hadde oppdaga at alle Guds bod var pålitelege. Dei var alle motivert av Guds trufaste kjærleik. Å halda fast på sanninga i Guds ord gjev oss fred og ro når dei falske rykta stormar rundt oss. Mange år tilbake gjekk eg gjennom ei veldig vanskeleg tid med mange vonde rykte knytt til teologi og folk eg samarbeida med. Då ropte eg gong på gong: Herre, hjelp meg! Hjelpa eg fekk var eit ord frå Bibelen: Grunnlaus forbanning råkar ikkje! (Ord 26,2). Det hjelpte meg til å leggja dei vonde rykta på Herren og ikkje å lata dei gå inn på meg.

Når løgna jagar oss, er det trygt og godt å halda fast på Guds ord. Orda frå Gud er pålitelege. Der finn vi hjelp mot dei som jagar oss med løgn.

Comments