Guds påbod gjer oss fornuftige
Det er stor makt i å sverja truskap til Guds ord

Bibelen er ein trygg vegvisar

No kjem vi til ein ny bolk Sal 119,105-112. Her tek alle versa til med den hebraiske bokstaven NUN og handlar ofte om det strålande lyset frå Guds sanne ord.

Salme 119,105 Ditt ord er ei lykt for min fot og eit lys for min stig.

Dette verset er kanskje eit av dei meste kjende versa frå heile Salme 119. Guds ord blir her likna med ei lykt og eit lys for fot og stig. Gud viser oss den trygge og gode vegen gjennom sitt ord. Guds ord opplyser og rettleier. Bibelen er den tryggaste vegvisaren til det gode livet her og i æva.

Det er verdt å tenkja på at utan lykt og lys er det lett å gå seg vill i mørkret. Når terrenget er farleg og stigen er smal er det livsfarleg å finna fram utan lys. Har du ei lykt kan du sjå kor foten din trygt kan gå. Utan lys for stigen kan vi fort falla utfor stupet. Lykta gjer at du ser dei snublesteinane du elles ikkje ville sett. Lyset på stigen gjev deg kunnskap om stoda du elles ikkje ville hatt.

Bibelen er som ei lykt vi har i handa for personleg bruk. Den Heilage Ande er oljen som gjer at lykta lyser og viser veg. Slik eldsøyla viste veg for Israelittane på vandringa gjennom øydemarka, slik vil openberringa frå Anden når vi les Bibelen, visa oss vegen vi skal velja i dei mange utfordringane vi møter i kvardagen.

David snakkar om min fot og min stig. Han viser med dette at vi må ha ein personleg til Ordet. Guds ord må få påverka våre personlege tankar og levemåte. Det er verdt å merka seg at det ikkje er nok at Ordet er eit strålande lys for auga våre, at det fyller hovudet med mange lyse tankar. Ordet må brukast til å leia oss gjennom livet. Både for å hjelpa oss på det personlege og nære planet, men også for å gje oss retning for livet og eit langsiktig mål. Bibelen set oss i stand til å leva meiningsfullt og fullføra Guds gode plan for livet.

Comments