Når livet heng i ein tynn tråd
Herrens ord er urokkande og uforanderleg

Berg meg frå døden!

Salme 119,88 Gjev meg liv i di miskunn, så vil eg halda lovbodet (Strong 5715) frå din munn.

David er i livsfare. Han er døden nær. Fiendane hadde mest gjort ende på han. Han kjenner seg som eit jaga vilt utan nokon utveg, utan sjanse til å sleppa unna dei løgnaktige jegerane. Dette er bakgrunnen for den bønna han ber i dette verset.

Spar livet mitt! Berg meg frå døden. Ta vare på meg og fri meg ut frå dødens grep. Gjev meg liv i di miskunn! Det er stor desperasjon i bønna hans, for stoda han er i er svært vanskeleg. Legg likevel merke til at han ikkje viser til den vanskeleg stoda når han ber. Det er berre ein grunn til at Gud skulle berga han frå døden og gje han livet tilbake. Det er Guds miskunn, Guds trufaste og varmhjarta kjærleik. Ingenting av det gode Gud gjer for oss er vår forteneste. Alt kjem av hans trufaste kjærleik.

Så vil eg halda lovbodet frå din munn, kan høyrast ut som om han kjøpslår med Gud: Om du bergar meg, så skal eg halda bodet. Eg liker betre andre omsetjingar av denne setninga: Så eg kan halda lovbodet frå din munn. Det er berre om Gud viser miskunn at vi kan leva etter ordet frå Guds munn. Dette er viktig å forstå. Vi er heilt avhengige av Guds nåde og hjelp for livet og alt vi gjer. Å leva etter Ordet er ei frukt av Guds nådefulle kjærleiksverk i oss. Det tryggaste teiknet på at vi har funne nåde for Herren, er hans gode verk i oss.

Comments