Kva gjer vi når folk vil øydeleggja oss?
Å, kor eg elskar Guds lov

Alt har ein ende

Salme 119,96 Eg ser at alt som er fullkome, har ei grense, men ditt bod når uendeleg vidt.

Det er ei svært viktig sanning David her deler med oss frå si eiga oppleving. Alt det fullkomne i denne verda har ei grense, eller har ein ende, slik andre omsetjingar seier. Ingenting i denne verda varer, alt vakkert og flott går før eller seinare til grunne. Vi lever i ein forgjengeleg verden. Det finst mykje fagert å sjå i naturen, vakre landskap, skjønne og fargerike blomar og mange ulike levande skapningar. Menneske har også evne til å skapa mykje vakkert. I kunsten finn vi musikk, litteratur, maleri og skulptur, som er så fullkome at det kan ta pusten frå oss. Likevel har alt si grense og sin ende.

David hadde jo opplevd dette på kroppen, så å seia. Han hadde sett Goliat, den fullkomne kjempa, falla død om. Han hadde sett Asael, kjend som den kvikkaste løparen, bli sprungen forbi. Han hadde sett Akitofel, den visaste rådgjevaren, bli lurt. Han hadde sett Absalon, den skjønnast av alle sønnene sine, blodig og styggeleg skamfert. Mennesket, den mest fullkomne av alle Guds skapningar, visna som gras. Alt det menneskelege har ein ende, uansett kor fullkome det er.

Men ditt bod når uendeleg vidt! Guds lov famnar heile menneskelivet, ja heile skaparverket. Når vi forstår kor fullkomen Guds lov er og kor vidt det famnar, bleiknar alt anna som menneske reknar som fullkome! Guds bod rører ved kvar einaste handling, kvart einaste ord og tanke. Guds bod er av ein slik åndeleg natur at det dømmer motiv, lyster og våre inste kjensler. Lova openberrar det fullkomne og overtyder oss om at vi kjem til kort og har synda. Det fullkomne heilage livet, som Guds bod skildrar, famnar så vidt og breitt at det er vanskeleg for oss å fatta, men i Jesu Kristi vakre og fullkomne liv ser vi det demonstrert. Hans kjærleik kjenner ingen grenser. Hans nåde har ingen ende.

Comments