Previous month:
April 2020
Next month:
June 2020

21 entries from May 2020

Bibelen er ein trygg vegvisar

No kjem vi til ein ny bolk Sal 119,105-112. Her tek alle versa til med den hebraiske bokstaven NUN og handlar ofte om det strålande lyset frå Guds sanne ord.

Salme 119,105 Ditt ord er ei lykt for min fot og eit lys for min stig.

Dette verset er kanskje eit av dei meste kjende versa frå heile Salme 119. Guds ord blir her likna med ei lykt og eit lys for fot og stig. Gud viser oss den trygge og gode vegen gjennom sitt ord. Guds ord opplyser og rettleier. Bibelen er den tryggaste vegvisaren til det gode livet her og i æva.

Continue reading "Bibelen er ein trygg vegvisar" »


Guds påbod gjer oss fornuftige

Salme 119,104 Eg får innsikt av dine påbod (6490), difor hatar eg falske vegar (734).

Ein av grunnane til at Guds påbod smakar godt er at vi får innsikt. Guds ord gjev oss god forstand. Det hjelper oss å tenkja rett og fornuftig. Ordet gjev oss sunn dømmekraft. Det hjelper oss å skilja mellom godt og vondt, rett og galt. Når alt synest å vera ein av femti nyansar av grått, er det godt å kunna avsløra dette og visa at det gråe ikkje er kvit og reint. Det finst noko som er heilt kvit, reint og godt, og det er livet i Guds lys. Guds ord viser oss den gode vegen og bergar oss frå det vonde. Då kan vi også rettleia og hjelpa andre til å leva gode liv.

Continue reading "Guds påbod gjer oss fornuftige" »


Kor søte dine ord er

Salme 119, 103 Kor søte dine ord er for ganen, betre enn honning i munnen.

Det er eit veldig fint bilete David bruker når han skal forklara kva Guds ord er for han. Orda som kjem frå Guds munn er søte for ganen, betre enn honning. Honning er jo det søtaste som finst i naturen. Det er både sunt og godt.

Når vi et Guds ord og tek det til oss, gjer det godt. Når ordet frå Gud blir personleg for oss, skaper det ei djup kjensle av velvære. Guds ord tilfredsstiller oss og fyller oss med glede. Det finst vel ikkje betre åndeleg smak, enn den vi får når vi tek imot Guds ord i hjartet. Dei finaste augneblikka i livet er når vi høyrer Guds røyst og et Ordet. Gjennom Guds ord kan vi smaka og sjå at Gud er uendeleg god.

Continue reading "Kor søte dine ord er" »


Du rettleier meg

Salme 119,102 Eg vik ikkje frå dine lover, for du rettleier meg.

I dette verset skin David sin heilhjarta truskap mot Herren gjennom på ny. Han er stødig i si tru. Stega hans er faste og han har ikkje slutta å lyda Guds lov. Å vika frå Guds lov er å ikkje bry seg om ho eller å vanvørda og forakta lova. Dette hadde David ikkje gjort.

Det handlar om å ha tru og integritet. Heilhjarta truskap mot Herren viser seg i tillit og lydnad. Når vi har valt ein kurs for livet, når vi har gjeve oss over til Herren, då har vi lagt ein trygg grunnvoll til å byggja vidare på. Det hjelper oss til ikkje å bli styrt av andre ting enn Guds ord.

Continue reading "Du rettleier meg" »


Eg held føtene borte frå vonde vegar

Salme 119,101 Eg held føtene borte frå vonde vegar (734) så eg kan akta på ditt ord.

Igjen er det ei fantastisk fin innstilling David viser oss. Han seier at det er noko han held seg bort frå. Han unngår alt det som er vondt og ureint. Han har gjort eit val for livet. Han vil akta på Guds ord. Han vil leva etter Guds bod. Difor kan han ikkje gå på dei vonde vegane. Han kan ikkje følgja ein livsstil som er i strid med det Gud seier i Skrifta.

Continue reading "Eg held føtene borte frå vonde vegar" »


Meir innsikt enn dei gamle

Salme 119,100 Eg har meir innsikt enn dei gamle, for eg tek vare på dine påbod (6490).

Dette er tredje gongen i denne bolken at David samanliknar seg sjølv med andre og kjem godt ut av det. I dette verset påstår han at han har meir innsikt enn dei gamle. Normalt er det jo slik at dei gamle har mest innsikt, for dei har levd lenge og er rike på røynsle. Det David seier viser at det ikkje alltid er dei gamle som har mest innsikt. Det same er tilfelle med Elihu (Job 32,6-9). Han var ung av år og vegra seg lenge for å seia noko. Til slutt sa han: «Det er ånda som er i mennesket, pusten frå Den Veldige, som fører til innsikt. Det er ikkje talet på år som gjev visdom, dei gamle veit ikkje alltid kva som er rett.»

Continue reading "Meir innsikt enn dei gamle" »


Ei sikker vinnaroppskrift

Salme 119,99 Eg skjønar meir enn alle mine lærarar, for eg grundar på dine lovbod (Strong 5715).

Det ser ut til at David blir meir og meir frimodig. Tenk, han seier at han skjønnar meir enn alle lærarane sine. Det er ein ganske dryg påstand. I førre vers sa han at han Guds bod gjorde han visare enn fiendane sine, men no seier han at han skjønner meir enn alle lærarane sine til saman. Det er tydeleg at David ikkje kjenner til Jantelova.

Continue reading "Ei sikker vinnaroppskrift" »


Guds bod gjer meg vis

Salme 119,98 Ditt bod gjer meg meir vis enn mine fiendar. Det er alltid hos meg.

Det er ein frimodig påstand David kjem med i dette verset. Han seier ikkje berre at Guds bod gjer han vis, men at bodet gjer han visare enn fiendane hans. Han er ikkje stolt eller arrogant når han seier dette, for han kan sjå tilbake på ei langt liv. Han har kome langt og hatt større framgang enn dei som har stått imot han. Difor er det ikkje tome ord han kjem med, når han seier at Guds bod har gjort han visare enn fiendane hans.

Continue reading "Guds bod gjer meg vis" »


Å, kor eg elskar Guds lov

Vers 97 innleiar ein ny bolk salmen. No startar alle dei neste åtte versa med den hebraiske bokstaven, MEM. Denne bolken handlar om David sin kjærleik til Guds lov og nokre av dei velsigningane har finn i henne.

Salme 119,97 Kor eg elskar di lov (Strong 8451)! Eg grundar på henne heile dagen.

Dette inderlege utropet kjem rett frå David sitt hjarte: Å, kor eg elskar di lov! Han elskar Guds lov så høgt at han kan ikkje gøyma det i hjartet. Kjærleiken til Guds ord må uttrykkjast i ord, men det er vanskeleg å finna passande ord. Difor kjem desse inderlege orda: Å, kor eg elskar di lov. Heile salme 119 stadfestar det han seier i dette verset. Han elskar Guds ord over alle ting, for ordet kjem frå Guds hjarte. Vi har sett at han finn si lyst og glede i Guds lov fordi han elska Guds ord.

Continue reading "Å, kor eg elskar Guds lov" »


Alt har ein ende

Salme 119,96 Eg ser at alt som er fullkome, har ei grense, men ditt bod når uendeleg vidt.

Det er ei svært viktig sanning David her deler med oss frå si eiga oppleving. Alt det fullkomne i denne verda har ei grense, eller har ein ende, slik andre omsetjingar seier. Ingenting i denne verda varer, alt vakkert og flott går før eller seinare til grunne. Vi lever i ein forgjengeleg verden. Det finst mykje fagert å sjå i naturen, vakre landskap, skjønne og fargerike blomar og mange ulike levande skapningar. Menneske har også evne til å skapa mykje vakkert. I kunsten finn vi musikk, litteratur, maleri og skulptur, som er så fullkome at det kan ta pusten frå oss. Likevel har alt si grense og sin ende.

Continue reading "Alt har ein ende" »


Kva gjer vi når folk vil øydeleggja oss?

Salme 119,95 Dei lovlause ventar på å øydeleggja meg, eg tenkjer på dine lovbod.

David klagar over sine motstandarar, dei er lovlause og legg planar om å drepa han. Dei reknar faktisk med å lukkast i å øydeleggja han. Dei venta på ein anledning til å slå til mot han. Desse lovlause folk var trygge på at dei skulle gjera ende på han.

Continue reading "Kva gjer vi når folk vil øydeleggja oss?" »


For eg er din!

Salme 119,94 Frels meg, for eg er din! Eg spør etter dine påbod (6490).

Når David ber om å bli berga, grunngjev han bønna med å seia, for eg er din. Han seier ikkje du er min, at eg er din. Han seier ikkje, du er min. Heller ikkje seier han noko om seg sjølv, korleis han er. Han er audmjuk og fast i tru når han seier, eg er din, eg er ikkje min eigen herre, eg tilhøyrer ikkje verden. Det største han veit er at han tilhøyrer Gud.

Continue reading "For eg er din!" »


Eg gløymer aldri

Salme 119,93 Eg gløymer aldri dine påbod (6490), ved dei gjev du meg liv.

Det er ei flott innstilling David viser oss i dette verset. Dette er eit resultat av eit forsett han har gjort lang tid tilbake. Han har teke eit val for livet om å halda fast ved Guds ord. Dette vik han ikkje frå: Eg gløymer aldri dine påbod!

Det beste beviset på at vi elskar Guds ord er at vi ikkje gløymer det. Det går faktisk an å gløyma kva Gud har sagt. Vi er under stadig påverknad av den kulturen vi lever i. Når kulturen står for andre verdiar enn dei vi finn i Guds ord blir vi utsett for press. Dei fleste av oss går ikkje direkte på kompromiss med det vi veit Guds ord seier. Men om vi gløymer kva Guds ord seier, er det lett å tenkja slik fleirtalet av vanlege folk tenkjer. Om vi ikkje er på vakt er det lett å gløyma Gud påbod og bli påverka av sekulær tankegang.

Continue reading "Eg gløymer aldri" »


Om vi ikkje frydar oss i Guds lov, går vi til grunne

Salme 119,92 Om eg ikkje frydar meg over di lov (Strong 8451), går eg til grunne i mi naud.

I dei føregåande versa har David skildra si store naud. Han heldt på å gå til grunne dei prøvingane og plagene han gjekk gjennom. Han var redd at fiendane skulle ta livet hans. Vi har sett at han var djupt fortvila og nedtrykt. Ved å vera ærleg om desse vanskane han gjekk gjennom er han eit føredøme for oss. Livet kan vera veldig vanskeleg. Det kan følast som om vi går til grunne i vår naud. Eg er så glad at Bibelen gjev eit realistisk bilete av livet. Bibelen er truverdig på alle måtar.

Når David ope fortel om plagene han går gjennom, er det også verdt å leggja merke til korleis han takla dei vanskelege tinga han opplevde. Midt i vanskane fryda han seg over Guds lov, og difor gjekk han ikkje til grunne i nauda han møtte. Dette er ei viktig lekse å læra. Vi må ikkje sjå oss blinde på det vanskelege og vonde. Vi må lyfta blikket frå det timelege og sjå kva Guds evige ord seier. Då kan vi begynna å takka for Guds trufaste kjærleik. Det er på grunn av Guds miskunn at vi er i live. Vi blir ikkje spart for vanskar, men Gud er med oss og bergar oss gjennom alt det vonde. Vi kan bli plaga, men Gud let oss ikkje gå til grunne.

«Fordi eg frydar meg over di lov, går eg ikkje til grunne i lidingane mine», er ein annan måte å seia det på. Det beste vi kan gjera, når vi går gjennom vanskelege tider, er å fryda oss over Guds ord. Gleda i Herren er vår styrke. Når vi frydar oss over Guds lovnader, ber det oss gjennom vonde lidingar. Det vonde mistar si makt, når vi festar blikket på Herren og frydar oss over han ord. Det var Davis si erfaring. Det er også mi oppleving. Dette er den einaste måten å vinna over plagene på. Om vi ikkje frydar oss over Guds lov, kan vi gå til grunne i vår naud.


Det kristne livssynet gjer oss trygge og vidsynte.

Salme 119,91 Etter dine lover står dei til denne dag, for alle ting må tena deg.

Vi lever i eit ordna univers. Alt er styrt av universelle naturlover. All vitskap kviler på denne tanken som David uttrykkjer i dette verset. Himmel og jord er styrt av Guds evige ordningar. Det lovmessige skaparverket vitnar om Guds makt og guddom (Rom 1,19-20). Dei stabile ordningane, som dag og natt, viser at Guds pakt står ved lag (Jer. 31:35, 36; 33:20, 21). Heilt frå første skapardag og fram til denne dag står Guds lover ved lag. Faktisk er det slik at det er Guds evige naturlover som held både himmel og jord oppe. For av han og ved han og til han er alle ting. Han vere ære i all æve! (Rom 11,36)

Det kristne livssynet gjer oss trygge og vidsynte. Det viser oss at alt er skapt av Gud og at alle ting må tena han. Det er fantastisk stort å kunna vita dette. Det skaper ro i sjela når det stormar rundt oss. Det er dette David skildrar i denne salmen. Midt i stor motgang og forfølging er han trygg. Han veit at Gud er større enn alle fiendane hans. Alle ting må tena Gud.

Apostelen Paulus seier det slik: Vi veit at alle ting verkar saman til det gode for dei som elskar Gud (Rom 8,28). Her er ikkje rom for tvil eller diskusjon. Vi veit at alle ting må tena Gud. Difor verkar alle ting saman til det beste for dei som elskar han. For han har ikkje ulukke tankar for oss, men gode planar med framtid og håp.


Guds truskap varer frå slekt til slekt,

 

Salme 119,90 Din truskap varer frå slekt til slekt, du har grunnfest jorda, og ho står ved lag.

Det er ei fantastisk sanning vi møter i dette verset. Gud blir ikkje påverka av tider og trendar. Gud står utanføre tid og rom. Han er ikkje underlagt dei skiftande kreftene i denne forgjengelege verda. Han er opphavet og enden. Han er skapar og fullendar. Han er trufast.

Continue reading "Guds truskap varer frå slekt til slekt," »


Herrens ord er urokkande og uforanderleg

I denne komande bolken, frå vers 89 til 96 startar alle versa med den hebraiske bokstaven Lamed. Vi har no kome til midten i salmen. Det er eit slag vendepunkt frå denne bolken. David har vore i djup fortviling og i fare for å mista livet. No slår han an ein meir optimistisk tone. Det er som om han i dei elleve tidlegare bolkane har sagt: Heilt til i dag har Herren vore med meg, skal eg no gå til grunne? Medan han i dei neste elleve bolkane seier: Herrens ord står fast! Trass i alle vonde varsel vil Herren fullføra det gode verket han har begynt i meg!

Salme 119, 89 I all æve, Herre, står ditt ord fast i himmelen.

David har vore ute i hardt ver. Sterke fiendar har gått til åtak på han og mest gjort ende på han. Store bølgjer har slått mot han og han har vorte kasta hit og dit av sterke vindar av motløyse. No verkar det som han har hoppa av den gyngjande båten og kome seg til land og fått fast grunn under føtene. Han har sett føtene sine på fjell og står støtt.

Continue reading "Herrens ord er urokkande og uforanderleg" »


Berg meg frå døden!

Salme 119,88 Gjev meg liv i di miskunn, så vil eg halda lovbodet (Strong 5715) frå din munn.

David er i livsfare. Han er døden nær. Fiendane hadde mest gjort ende på han. Han kjenner seg som eit jaga vilt utan nokon utveg, utan sjanse til å sleppa unna dei løgnaktige jegerane. Dette er bakgrunnen for den bønna han ber i dette verset.

Spar livet mitt! Berg meg frå døden. Ta vare på meg og fri meg ut frå dødens grep. Gjev meg liv i di miskunn! Det er stor desperasjon i bønna hans, for stoda han er i er svært vanskeleg. Legg likevel merke til at han ikkje viser til den vanskeleg stoda når han ber. Det er berre ein grunn til at Gud skulle berga han frå døden og gje han livet tilbake. Det er Guds miskunn, Guds trufaste og varmhjarta kjærleik. Ingenting av det gode Gud gjer for oss er vår forteneste. Alt kjem av hans trufaste kjærleik.

Så vil eg halda lovbodet frå din munn, kan høyrast ut som om han kjøpslår med Gud: Om du bergar meg, så skal eg halda bodet. Eg liker betre andre omsetjingar av denne setninga: Så eg kan halda lovbodet frå din munn. Det er berre om Gud viser miskunn at vi kan leva etter ordet frå Guds munn. Dette er viktig å forstå. Vi er heilt avhengige av Guds nåde og hjelp for livet og alt vi gjer. Å leva etter Ordet er ei frukt av Guds nådefulle kjærleiksverk i oss. Det tryggaste teiknet på at vi har funne nåde for Herren, er hans gode verk i oss.


Når livet heng i ein tynn tråd

Salme 119,87 Dei har mest gjort ende på meg her på jorda, men eg forlèt ikkje dine påbod (6490).

Det er vanskeleg å førestilla seg kor vanskeleg David har det, når han skriv dette verset. Fiendane har nesten lukkast i å drepa han. Livet heng i ein tynn tråd. Uvennene har nesten øydelagd livet hans på jorda. Reint fysisk må dette ha vore svært vanskeleg. Det verkar som om dei hadde han i si makt, men det var ikkje heilt ute med han.

Continue reading "Når livet heng i ein tynn tråd" »


Den beste motgifta mot løgn

Salme 119,86 Pålitelege er alle dine bod. Hjelp meg! Dei jagar meg med løgn.

Uvennene jaga David med løgn. Dei spreidde all slag løgnaktige rykte om han. Dei jaga på han for å prøva å fanga han i ei felle og gjera ende på han. Å halda fast på sanninga er den beste motgifta mot løgn. Ofte er det lite hjelp i å prøva å forsvara seg mot løgn. Det hjelper heller ikkje å sloss mot løgnarane. Om vi reagerer feil på løgn og falske rykte mot oss, kan vil lett falla i synd.

Continue reading "Den beste motgifta mot løgn" »


Vår verste fiende

Salme 119,85 Dei frekke grev fallgraver for meg i strid med di lov (Strong 8451).

Dei fiendane som jaga David var frekke og hovmodige folk. Dei grov fallgraver for han. Han bruker ein jaktmetode som bilete på det han matte gå gjennom og kjempa mot. Ei fallgrav er ei djup grav som er dekkja til med eit tynt dekke som dyret ein jaktar på fell gjennom og blir fanga i. Slik prøver dei frekke fiendane hans å lura han i ei felle. Kanskje prøver dei å ta han fysisk til fange eller å få han til å gjera nokre feilsteg slik at dei kan bruka lova til å fella han. Dei prøver å lura han til å gjera noko som er i strid med Guds lov. Sjølve har dei inga respekt for Guds lov, men vil bruka alt dei kan for å fella David.

Continue reading "Vår verste fiende" »