Alt har ein ende
Guds bod gjer meg vis

Å, kor eg elskar Guds lov

Vers 97 innleiar ein ny bolk salmen. No startar alle dei neste åtte versa med den hebraiske bokstaven, MEM. Denne bolken handlar om David sin kjærleik til Guds lov og nokre av dei velsigningane har finn i henne.

Salme 119,97 Kor eg elskar di lov (Strong 8451)! Eg grundar på henne heile dagen.

Dette inderlege utropet kjem rett frå David sitt hjarte: Å, kor eg elskar di lov! Han elskar Guds lov så høgt at han kan ikkje gøyma det i hjartet. Kjærleiken til Guds ord må uttrykkjast i ord, men det er vanskeleg å finna passande ord. Difor kjem desse inderlege orda: Å, kor eg elskar di lov. Heile salme 119 stadfestar det han seier i dette verset. Han elskar Guds ord over alle ting, for ordet kjem frå Guds hjarte. Vi har sett at han finn si lyst og glede i Guds lov fordi han elska Guds ord.

Vi elskar Guds lov fordi ho kjem frå Gud. Vi elskar lova fordi ho er heilag og strever for å leva heilagt. Vi elskar lova fordi ho er full av visdom og granskar ho så vi kan bli vise. Vi elskar lova fordi ho er fullkomen og vi lengtar etter å bli fullkomne. Gjennom evangeliet får vi kjærleik til lova for vi ser henne oppfylt og kroppsleggjort i Jesus Kristus.

«Eg grunnar på lova dagen lang,» seier David. Dette var både ei følgje av kjærleiken til lova og grunnen til denne kjærleiken. Vi grunnar på Ordet fordi vi elskar det, og vi elskar Ordet fordi vi grunnar på det. Vi får aldri nok av det. Heile dagen grunnar vi på Guds lov. Det er det gode livet.

Når vi elskar Guds ord er det ikkje nok å lesa nokre vers eller kapittel i Bibelen kvar dag. Nei, vi ber Ordet med oss i hjartet og grunnar på det gjennom heile dagen. I alt vi kan møta i løpet av ein dag av gleder og vanskar, har ordet noko å seia oss. Lova gjer oss vise til å takla utfordringane vi møter i kvardagen. Vi elskar openberringa i Guds ord og difor fyller vi hjartet med lyset frå ordet. Ordet lærer oss å tenka rett og leva klokt.

Comments