Dei frekke er sløve og hjartelause
Dei orda du taler til meg er meir verdt enn all jordisk rikdom

Vi kan læra mykje gjennom liding

Salme 119,71 Det var godt for meg å bli audmjuka så eg kunne læra dine forskrifter.

Tidlegare, i vers 67, fortel David at Gud audmjuka han. I dette verset kan det verka som om han har vorte audmjuka av menneske. I dei føregåande skriv han om dei frekke og hovmodige menneska som sverta han med løgn og audmjuka han. Dei plaga han med løgnene sine. Det var ei vanskeleg tid for David som vart audmjuka av den store motstanden han møtte.

Likevel miste han ikkje motet, for han såg at Gud vende alt det vonde til noko godt. Det smakte sjølvsagt ikkje godt å bli sverta med vondsinna løgner. Det var ikkje ei god oppleving å halda på å drukna i løgner og falske rykte. Det gjorde vondt langt inn i sjela hans. Likevel seier han at det var godt for han å bli audmjuka og plaga av desse arrogante menneska. Motstanden dreiv han til Gud. Løgnene tvang han til å søkja sanninga hos han som kjenner menneskehjartet betre enn vi kjenner oss sjølve.

Sjølv om plagene og motstanden kom frå vonde menneske, gjorde Gud det slik at det kom noko godt ut av det. Slik er Gud, han styrer alle ting slik at dei tener til det beste for dei som elskar Herren. Det kan vera vondt og vanskeleg medan det står på, men når vi set vår lit til Herren, vil utfallet til slutt vera til velsigning.

Den store velsigninga som David fekk del i, var at han lærde Guds forskrifter. Audmjuke menneske vil alltid læra mykje av den motgangen dei møter. Vi lærer lite utan å bli plaga og audmjuka. Vi lærer mykje gjennom liding. Det finst ingen lettvint veg til sann lærdom. Experientia docet – opplevinga lærer oss, underviser oss djupe sanningar. Vi lærer Guds forskrifter best når vi les dei med tårefylte auge, når vi er plaga og audmjuka og roper til Gud om nåde!

«Den audmjukande plaga du let meg gå gjennom var det beste som kunne henda meg, for det lærde meg dine vegar, dine forskrifter.»

Comments