Guds dommar er alltid rette
Elsk meg ømt, så eg kan koma vidare!

Ver varmhjarta mot meg!

Salme 119,76 Lat di miskunn vera mi trøyst slik du har sagt til din tenar!

David har vedkjent at Gud er rettferdig i alt han gjer. Han har sagt at Gud er trufast når han audmjuker oss og let oss møta mange plagar. No er det tid til audmjuk og inderleg bønn: Lat di miskunn vera mi trøyst! Legg merke til at han ber om miskunn. Han ber om nåde. Han ber om at Gud må vera varmhjarta mot han. Han har ikkje fortent det. Difor påkallar han Guds godhjarta kjærleik og trufaste nåde.

Dette er det beste vi kan gjera. Koma fram for Gud med audmjuke bønner, - inderlege hjartebønner om nåde. Ingenting kan trøysta ei forpint sjel som Guds gode nåde. Guds miskunn er Guds trufaste paktkjærleik. Miskunn er den varmhjarta kjærleiken ein god far har til barna sine, jamvel om dei gjer feil, berre fordi dei er hans barn. Gud kjenner oss. Han veit korleis vi er laga. Han kjenner vår veikskap. Han veit at vi kjem til kort. Men han er miskunnsam og nådig. Han har inderleg medynk med oss. Difor forbarmar han eg over oss når vi søkjer han.

På ny ser vi at David bruker dette uttrykket: slik du har sagt til din tenar! Guds ord og lovnader gav han frimod til å be. Han viste heile tida til det Gud hadde sagt, når han bad og ropte til Gud om nåde og hjelp. Dette er ei viktig lekse å læra. Vi må gøyma Guds ord i hjartet vårt. Vi må ikkje gløyma Guds lovnader. Når vi er audmjuka og plaga, treng vi å halda fast på Guds lovander. Når alt går på tverke, då er det godt å vita kva Gud har sagt. Gud er trufast. Han vaker over ordet sitt for å fullføra det for oss. Det må vi minna oss sjølv på, og ha som grunn for bønnene våre.

«Send ditt milde miskunnkyss som trøyst til din tenar, akkurat slik du lova du ville gjera!»

Comments