Alt du gjer er vakkert, det flyt frå ditt gode hjarte
Dei frekke er sløve og hjartelause

Stolte skrytepavar spreiar vondsinna løgner om meg

Salme 119,69 Dei frekke svertar meg med løgn, eg tek vare på dine påbod (6490) av heile mitt hjarte.

David stod i den same kampen som vi opplever i dag. Folk som held fast på Guds ord og frimodig forkynner Guds ordningar, for ekteskap og samliv til dømes, møter stor motstand. I vår Bibel kallar David desse folka for frekke, og kan også omsetjast stolte, arrogante, ugudelege, ovmodige. Det er folk som ikkje har respekt for Gud og hans ord. Dei trur dei veit betre enn Gud. Dei er hovmodige og frekke.

Desse frekke motstandarane av Guds ord svertar oss med løgn. Å sverta er å øydeleggja vårt gode namn og rykte. Dei spreiar vondsinna løgner. Dei vrir og vrengjer på det vi seier for å framstilla oss som harde og hjartelause menneske som ikkje bryr oss om andre. Desse stolte folka dekkjer oss med løgner og skaper eit feil bilete av oss. Med løgnene sine prøver dei å motarbeida alt det gode vi står for når vi held oss til Guds ord.

David sitt svar på denne svertekampanjen mot han er enkel, men nok det beste måten å vinna over løgnene på. Han seier: Eg tek vare på dine påbod av heile mitt hjarte. Det er det tryggast vi kan gjera; å heilhjarta ta vare på Guds ord. Om vi gjev litt etter for det gudlause presset går det ikkje lang tid før vi har tapt. Den einaste måten å vinna siger på er ved å ta vare på Guds påbod og leva etter dei av heile hjartet.

Å vera heilhjarta og halda fast på Guds ord er vår høgste ære. Når vi lever etter Guds ord av heile hjarte, vil dei vonde si sverting av oss ikkje kunna skada oss.

«Stolte skrytepavar spreiar vondsinna løgner om meg, fordi eg er brennande ivrig etter å følgja alt du seier!»

Comments