Når livet er vanskeleg og utfordringane er mange
Når tida renn ut

Når vil du gripa inn?

Salme 119,82 Auga sloknar, eg ventar på dine ord, eg spør: «Når vil du trøysta meg?»

«Auga sloknar, det er som om eg er døden nær. Eg blir fortærd og går til grunne.» Det er liten tvil om at David er fortvila og har det svært vanskeleg, men han har ikkje gjeve opp. Han venta framleis på Guds ord. Han heldt fast på lovnadene. Håpet var eit fast anker som var festa i Guds ord om frelse.

Når vil du trøysta meg? Når vil du gripa inn? Når vil du berga meg? Når vil du oppfylla lovnaden din? Når vil du sjå til meg og frelsa meg? Når skal du visa meg nåde? Herre, når?

Eg har vore der mange gonger. Eg har ropt til Gud: NÅR? Av og til har Gud vore lovleg sein, tykkjer eg. Det har vore vanskeleg å forstå tidsaspektet i Guds lovnader mange gonger. Men han har alltid vore trufast!

Det hender av og til at hjartauga blir sløve og vårt åndelege syn dimmast. Då er det ikkje lett å festa blikket på Jesus, han som er trua sin opphavsmann og fullendar. Å halda fast på lovnadene blir då veldig vanskeleg, men er viktigare enn nokon gong. Vi må aldri gje opp håpet. Vi må venta på at Guds ord skal oppfyllast. Det er lov å spørja: Når vil du trøysta meg? Det er lov å vera utolmodig, men lat oss halda ut, for vi skal hausta velsigning i si tid, berre vi ikkje gjev opp.

Comments