Når vil du gripa inn?
Kor lenge skal eg ha det så vondt?

Når tida renn ut

Salme 119,83 Eg har vorte som ein skinnsekk i røyk, likevel gløymer eg ikkje dine forskrifter.

David føler at tida renn ut. Det er snart for seint for han. Han held på å svima av, auga sloknar og han føler seg som ein gammal og tørr skinnsekk i røyk. Han har hange så lenge i den vonde røyken av motstand at han kjenner seg uttørka og ubrukande. Ein skinnsekk som heng i røyken vil bli svart av sot, tørr og sprukken. Ein slik skinnsekk kan ikkje brukast til mykje.

Det verkar som om David kjenner seg utbrend og inntørka. Livet har fare hardt med han. I unge dagar vart det sagt at han var bjartøyd og raudlett i kjakane. Han var full av kraft og vitalitet, fager som ei rose i blom. No er ungdomskreftene borte. Han kjenner seg vissen, fargelaus og andletet er merka av djupe rynker. Han er som ein tørr, sotete skinnsekk som har hange for lenge i motstandsrøyken. Kva nytte er det i ein slik tørr og sprukken skinnsekk? Kven vil fylla vin i ein slik skinnsekk? Då David tenkte på seg sjølv og stoda si, vart han motlaus. Han følte seg ubrukande. Når han såg på seg sjølv, hadde han ikkje mykje håp. Slik er det ofte med oss også. Når vi ser på oss sjølve, tenkjer vi ofte at det står verre til enn det verkeleg gjer.

David sa: Likevel gløymer eg ikkje dine forskrifter. Her ligg håpet som aldri visnar. Når Guds ord har vorte prenta inn i oss, då er det ikkje lett å gløyma det. Vi kan vera trøytte og utslitne. Vi kan kjenna oss gamle og avdanka, lenge før vi går av med pensjon. Vi kan kjenna oss unyttige og til overs. Ingen har bruk for oss. Likevel gløymer vi ikkje Guds ord. Ordet held oss oppe. Guds lovnader ber oss gjennom dei tunge tidene

Comments