Eit åndeleg sunt og godt hjarte
Når vil du gripa inn?

Når livet er vanskeleg og utfordringane er mange

Den neste bolken på åtte vers startar med den hebraiske bokstaven kaf, som tilsvarer vår k. I desse versa er det mange bønner om frelse og utfriing. David er i ei ekstrem vanskeleg stode. Fiendane hans har ført han til det lågaste punktet med angst og depresjon. I denne bolken er David i den mørkaste og svartaste natta. Han opplever det som er kalla sjela si svarte natt. Men i mørke natta skin stjernene klårast og når alt er beksvart har David håp om ein ny morgon.

Salme 119,81 Eg tærest bort av lengsel etter di frelse, eg ventar på ditt ord.

Eg tærest bort, seier David, i stor smerte og fortviling. Stoda er svært vanskeleg. Han ser berre ei løysing. Det er at Gud grip inn og frelsar han. Lengselen etter Guds frelse fortærer han. Denne sterke lengten tærer på kreftene. Han er desperat etter Gud. Ventetida er lang og vanskeleg. Freistingane er mange, men jamvel om han alt er tungt greier han å halda rett fokus.

Når livet er vanskeleg og utfordringane er mange, er det naturleg å leita etter ein veg ut or uføret. Vi kan læra av David som ikkje prøvde å finna lettvinte løysingar. Han leita ikkje etter snarvegar. Han prøvde ikkje å finna menneskelege løysingar. Sjølv då han kjempa med angst og depresjon greidde han å festa auga og trua på Herren. Han lengta etter Guds frelse. Han venta på Guds ord. Livet har lært meg at det er betre å venta på Guds hjelp enn å streva i eiga kraft. Når alt menneskeleg håp er ute, er det berre hjelpa frå Gud som kan hjelpa.

Lat oss gjera som David og venta på Guds frelse etter Guds ord. Å venta på ordet er å setja sitt håp til Gud, at det han har sagt og lova det vil han gjera. Sjølv om det tek tid og vi tærest bort av lengsel, vil vi halda ut og venta til Guds lovander blir oppfylt for oss.

Comments