Vi legg oss i Herrens hender i kveld
Lær meg å verdsetja og forstå boda dine!

Min rikaste skatt – det beste eg har

Tet

ט

Salme 119,65 Herre, du gjer vel mot din tenar slik som du har sagt.

Dei neste åtte versa startar alle med den hebraiske bokstaven tet som svarer til vår t. David slår an ein ny tone med denne bokstaven. Han innser at alt det vanskeleg han møter i livet, alle lidingane han må gå gjennom, har ein verdi for han, for det får han til å verdsetja og lyda Guds ord. Det siste verset startar med ordet tob som tyder god. Det er som om David vil seia at Guds ord er vår rikaste skatt, eller det beste vi har.

David tek til med å prisa Herren for at han har gjort og gjer vel mot han. Nokre omsetjingar har fortid og andre har notid. Eg trur det er rett å ta med begge desse perspektiva. Når vi ser tilbake kan vi sjå at Gud har vore god og gjort vel mot oss. Vi kan gleda oss over Guds truskap mot det han har lova. Gud har halde lovnadene sine. I sin trufaste kjærleik har han velsigna oss gong etter gong. Vi som har levd eit langt liv seier dette med glede og takk i hjartet.

Likevel seier vi med endå større glede at Herren gjel vel mot oss i dag. Vi lever i Guds rause nåde og velsigning. Gud er god mot oss kvar einaste dag og kvar einaste stund på dagen. Han gjer vel mot oss fordi han er miskunnsam og trufast i sin kjærleik. Til og med når dagen vår er vanskeleg og utfordringane er mange, er han nær for å gjera vel mot oss og venda alt det vonde til det beste for oss. Når Gud gjer vel mot oss kan ingenting skada oss.

Legg merke til den forklaringa David gjev oss når han priser Herren for hans velgjerningar: «Slik du har sagt». Det vil seia slik Gud hadde lova. På ny understreker David at han hadde høyrd frå Gud. Han hadde teke imot ord og lovnader frå Herren. Og Herren hadde vore trufast og gjort slik han hadde sagt. Vi kan leva kvar dag med denne trua og trygge vissa: Herren gjer vel mot oss i dag, slik han har lova i sitt ord.

Slik du har sagt, kan både visa til eit personleg ord eller ein personleg lovnad som David har fått frå Gud, kanskje gjennom ein profet, og det kan visa til Guds ord og lovnader i Skrifta. Ofte er det slik at ord frå Bibelen blir levande for oss og blir eit personleg ord til oss frå Gud. Vår himmelske Far bryr seg om oss og taler til oss på mange måtar. Det viktige er at vi høyrer hans røyst og gøymer orda hans i hjertet vårt. Når vi er medvitne om kva Gud har lova gjev det stor glede å oppdaga at han gjer vel mot oss slik han har sagt!

«Din rause godleik mot meg gjev meg endå meir lyst til å følgja dine ord!»

Comments