Min rikaste skatt – det beste eg har
Før eg vart audmjuka, var eg på villspor

Lær meg å verdsetja og forstå boda dine!

Salme 119,66 Gjev meg kunnskap og godt vit, eg stolar på dine bod!

Eg liker denne bønna David ber i dette verset. Det er ei viktig bønn å be kvar einaste dag. Han ber om kunnskap og vit til å leva ut Guds ord i kvardagen. Dette er noko som ligg han på hjartet og det burde vera like viktig for oss. «Lær meg å verdsetja og forstå boda dine!» «Gje meg forstand til å ta gode avgjerd i samsvar med ditt ord!» Herre, hjelp oss å velja det rette, det som er godt og sant, etter dine lover! Vi treng kunnskap og godt vit frå Guds bod for å kunna ta kloke val i kvardagen og leva på ein vis måte.

Når David ber om kunnskap og vit, ber han om openberring. Han innser at hans eigen forstand kjem til kort. Han treng hjelp frå Guds Ande til å forstå Ordet rett. Han treng nåde frå Gud til å leva etter hans bod. Dette er ei bønn som vi kjenner att frå Paulus. I mange av breva sine seier han at han ber om at Far må gje visdoms og openberrings Ande til kunnskap om seg, at Gud skal opna hjarteauga våre, så vi kan skjønna håpet vårt og den veldige krafta som er verksam for oss (Ef 1,17flg).

«Eg stoler på dine bod!» Det er tilliten til Guds bod som ligg bak bønna om kunnskap og vit til å leva boda ut på rett måte. Tillit til Guds ord skin gjennom alt det David seier i Salme 119. Han står trygt på Guds ords faste grunn. Han let seg ikkje rikka frå denne tilliten til Guds ord. Han trur at Guds bod er gode. Han stoler på at Guds bod er den beste rettesnor for liv og lære. Han er trygg i sin tillit til Guds ord.

Slik vil eg også leva. Eit langt liv har lært meg å stola på Guds ord. Difor vil eg gjera alt eg kan for å formidla denne trygge tilliten til Guds ord til dei komande generasjonane. Eg stoler på Guds bod. Dei gjev trygg rettleiing til eit godt liv. Guds ord er vår rikaste skatt, det beste vi har!

“Lær meg korleis eg kan ta vise avgjerd og gje meg openberrings lys, for eg trur på dine bod!”

Comments