Den beste måten å møta krenkingar på
Eit åndeleg sunt og godt hjarte

Kven vil vi ha som venner?

Salme 119,79 Lat dei som fryktar deg, koma tilbake, lat dei som kjenner dine lovbod, koma til meg.

Det er ei djup smerte i denne bønna. Det kan verka som om løgnene og dei falske rykta, har fått nokre av dei gudfryktige vennene hans til å trekkja seg tilbake frå han. Dette er noko av det verste som kan skje når vi blir utsette for krenkingar og løgner. Eg opplevde dette for mange år tilbake, så eg kjenner meg att i denne bønna. Eit grunnlaust rykte om noko eg skulle ha sagt fekk store konsekvensar. Eg følte at heile verda ramla saman for meg. Eg mista stillinga mi og vart degradert på arbeidsplassen. Mange av vennene mine heldt seg borte. Dei visste ikkje kva dei skulle tru. Det var djupt sårande å oppleva at venner trudde meir på lause rykte enn på meg.

Eg var fortvila og ropte til Gud om nåde og hjelp. Som David ville eg ha vennene mine tilbake. Han ville ikkje ha kven som helst tilbake. Det kan vera mange grunnar for vennskap og no ønskte han å vera litt nøyare med kva slag venner han hadde. I denne bønna ber han om to slags venner. Det er verdt å merka seg dei kvalitetane han såg etter.

Han ville ha tilbake dei vennene som frykta Gud. Ikkje for at dei skulle vera samde med han i alle ting, men for at dei skulle vera ærlege med han, og vera saman med han. Gode folk ønskjer vennskap og fellesskap med gode folk som elskar Herren.

Han ville også ha tilbake dei vennene som kjende Herrens lovbod. Han ville ha venner som ikkje berre var ærlege, men som også var kloke. Folk med eit godt hjarte og eit godt hovud. Slike venner vil byggja opp og vera til velsigning.

Det er ganske tankevekkjande, at til og med folk som fryktar Herren og kjenner hans lovbod, kan halda seg borte når ein venn blir utsett for rykte og løgnaktige krenkingar. Det viser kor veike og skrøpelege vi menneske er. Difor må vi vera nådige mot kvarandre og leva i tilgjeving og forsoning.

Comments