Når tida renn ut
Vår verste fiende

Kor lenge skal eg ha det så vondt?

Salme 119,84 Kor mange dagar har din tenar att? Når vil du fella dom over dei som jagar meg?

David er jaga av mektige fiendar. Han opplever at det står om livet. Han har kjend seg som eit jaga vilt i lang tid. No veit han ikkje om han kan halda ut mykje lenger. I si fortviling vender han seg til Gud: Kor lenge skal dette vara? Når du vil du fella dom over dei som plagar meg? Når skal du gjera slutt på plagene mine? Prøvingane og plagene har vart så lenge at den lange tida i seg sjølv er grunn nok til at no må det bli slutt. Kor mange dagar har eg att?

Reint menneskeleg er det lite sannsynleg at vi er jaga fiendar slik David var. Han hadde jo ein heil hær etter seg i lang tid. Han kjempa mange krigar. Mange mektige fiendar var ute etter han. Vi er vel ikkje i den stoda, men likevel kan vi oppleva oss jaga. Det kan vera våre eigne demonar som jagar og plagar oss. Frykt og angst kan ri oss som ei mare. Kjensle av å bli avvist eller neglisjert kan driva oss til vanvit. Mindreverdskjensle kan jaga oss frå nederlag til nederlag. Sjølvfordømming og lågt sjølvbilete kan gjera livet vårt surt.

Tankane kan bli så tunge og vanskelege at livet blir uuthaldande. Kor lenge kan eg ha det så vondt? Når vil Gud setja meg fri frå desse plageåndene?

Det gode er at same kor jaga vi er, så kan vi ropa til Gud og venta at han vil gripa inn. Same kor plaga vi er og djupt nede vi kjenner oss, så kan vi klaga til Herren. Når livet er så vanskeleg at vi ikkje veit om vi kan halda ut fleire dagar, er det lindring i å kalla på Guds rettferdig dom. Det kjem ein dom som set slutt på all vondskap. Måtte den dagen koma snart og setja oss fri frå alt det vonde som jagar oss.

Comments