Dei orda du taler til meg er meir verdt enn all jordisk rikdom
Gode folk gler seg når det går godt for andre gode folk

I kjærleik forma Guds kunstnarhand oss til det mennesket vi er

Salme 119,73 Dine hender har skapt meg og halde meg oppe. Gjev meg skjøn så eg lærer dine bod!

Dette verset innleiar den tiande bolken i Salme 119. Alle versa frå 73 til 80 startar med den hebraiske bokstaven jod. I det første verset i denne bolken startar David med å peika på noko svært viktig: Du har skapt meg og halde meg opp.

Dette er noko vi stadig treng å minna oss sjølv på. Vi er skapte av Gud. Ei guddommeleg skaparhand forma oss på forunderleg vis i morsliv. Vi er skapte eineståande. Tenk på kroppen med sine mange lemer og funksjonar. Tenk på det indre mennesket. Vi har alle vår eigen personlegdom. Vi har alle fått tildelt evner og gåver, men i ulikt mål. Når vi tenkjer på at vi er skapte i Guds bilete, skapte for fellesskap med Gud og menneske, har vi mange grunnar til å æra og takka Gud. I kjærleik forma Guds kunstnarhand oss til det mennesket vi er. Vi er spesielle. Vi er elska av Gud. Han ville ha oss og difor er vi til.

Det er også Gud som held oss oppe og i live kvar einaste dag. Livet kjem frå Gud. Jamvel om vi møter mange vonde utfordringar i livet, er det likevel godt å vera i live. Gud held oss i live fordi han har gode planar for oss, framtid og håp, ikkje ulukketankar. Eg takkar Gud kvar dag for livet. Det er trygt og godt å vita at vi er skapte av Gud og at han held oss oppe og ber oss gjennom alle vanskar vi møter i kvardagslivet.

Djevelen prøver å få tankane bort frå vissa om at vi er skapte i Guds gode bilete. Han gjer alt han kan for at vi skal samanlikna oss med andre. Helst dei som er betre og meir vellukka enn oss. Slik vil han gjera oss motlause og få oss til å prøva å vera noko anna enn det vi er spakte til å vera.

Det er difor det er så viktig å be den bønna David bad: Gje meg vit. Gje meg forstand. Gje meg skjøn. Gje meg innsikt. Gje meg openberring så eg kan læra å leva det gode livet etter dine bod. Lær meg å leva i dine gode planar. Lær meg å leva etter din gode vilje!

Vi er skapte av Gud, - Guds bilete. Difor kan vi berre leva eit meiningsfullt liv når vi lever i samsvar med hans gode planar for oss. Boda hans, - Ordet – leier oss til det gode livet.

«Dine hender held meg og har forma meg til den eg er, gje meg meir openberringslys så eg kan læra å leva det gode livet til di ære!»

Comments