Eg elskar dei som elskar Herren.
Vi legg oss i Herrens hender i kveld

Heile jorda er full av Guds trufaste kjærleik

Salme 119,64 Herre, jorda er full av di miskunn. Lær meg dine forskrifter!

Dette avsnittet på åtte vers som startar med den hebraiske bokstaven het slutta med ei flott lovprising til Herren. Herre, jorda er full av di miskunn! Din trufaste kjærleik fyller heile jorda og omfattar alle folk og nasjonar. Ja, heile skaparverket er dekkja av Guds kjærleik. Gud er god og miskunnsam og elskar alle menneske på jord. Heile jorda er full av Guds uforanderlege kjærleik.

Himmelen er full av Guds herlegdom, men jorda er full av hans miskunn og trufaste kjærleik. Gud er god mot alle. Han let sola skina og varma både vonde og gode. Han let regnet falla både på rettferdige og urettferdige. Det er det same kor vi snur oss. Opnar vi auga vil vi sjå Guds godleik på mange måtar. Vi har så mykje å takka for. Vi lever i eit vakkert skaparverk. Vi møter Guds trufaste kjærleik kvar einaste dag han held oss i live.

Når vi ser kor god og miskunnsam Gud er, er det lett å be den bønna David bad: «Lær meg dine forskrifter!» Kanskje dette er ei forskrift vi treng nåde til å leva ut i våre dagar: «Elsk fiendane dokkar, velsigna dei som forfølgjer dokker, gjer vel mot dei som hatar dokker, og be for dei som mishandlar dokker og forfølgjer dokker» (Matt 5,44). Berre slik kan vi vera barn av vår gode Far i himmelen, han som fyller jorda med sin trufaste kjærleik.

Når vi ber om at han skal læra oss sine forskrifter, ber vi om nåde til å bli lik vår himmelske Far. Alle forskriftene hans spring ut frå hans kjærlege natur. Dei er gode og sanne, og vil hjelpa oss å vera miskunnsame og kjærlege slik vår Far er.

«Gje meg meir openberring i dine vegar, for eg ser din kjærleik, di miskunn og milde omsorg overalt på jorda!»

Comments