Gode folk gler seg når det går godt for andre gode folk
Ver varmhjarta mot meg!

Guds dommar er alltid rette

Salme 119,75 Herre, eg veit at lovene dine er rette, at du var trufast då du audmjuka meg.

David er framleis plaga og audmjuka. Livet er ikkje lett. Han møtte mykje motgang. Mange menneske motarbeidde han og prøvde å gjera livet surt for han. Han er prøva og plaga når han likevel seier: «Herre, eg veit at dine dommar er rette og rettferdige.» Han har tillit til Gud, jamvel når ting går på tverke og han haustar vonde frukter av sine eigne feilsteg.

Denne tilliten treng vi å få tak i. Tillit til at alle Guds lover er rette. Tillit til Guds rettferdige dommar. Det er lett å ha denne tilliten når dommen råkar andre menneske. Det er meir krevjande å ha denne tilliten til Gud når det går ut over oss. David sa: Du var trufast då du audmjuka meg. Mange engelske omsetjingar seier: Du var trufast då du plaga meg. Det er tydeleg at han har vorte bøygd ned av tunge plagar.

Gud er ein god Gud. Difor let han oss av og til få smaka fruktene av våre synder og feilsteg, slik at vi kan venda om og finna frelse og utfriing. I alt det vi møter av motgang og vanskar i livet, er Gud alltid trufast. Vi har det alltid betre enn vi fortener. Gud er kjærleg, heilag, vis og rettferdig i alt han gjer. Han er trufast når dommane hans råkar oss og vi blir plaga og audmjuka.

Når vi ikkje kan sjå nokon samanheng mellom det vi opplever av vanskar, motstand og plagar, og det livet vi har levd, kan vi kvila i at Gud er trufast. Når vi ikkje forstår kvifor livet er vanskeleg og så mange ting går i mot oss, kan vi likevel ha tillit til at han er trufast. Eg har gått gjennom slike vanskelege periodar i livet mitt. Eg har hatt mange spørsmål og klager, men få svar. Når eg ser tilbake på det eg har vore gjennom kan eg seia med David: Du var trufast då du audmjuka meg!

«Herre, eg veit at dine dommar alltid er rette. Til og med når det er meg du dømmer er du framleis trufast og god.»

Comments