I kjærleik forma Guds kunstnarhand oss til det mennesket vi er
Guds dommar er alltid rette

Gode folk gler seg når det går godt for andre gode folk

Salme 119,74 Dei som fryktar deg, skal sjå meg og bli glade, for eg ventar på ditt ord.

Dette verset osar av tru og tillit til Gud. David er trygg i trua si. Han har sett sitt håp til Guds frelse: Eg ventar på ditt ord, seier han, Eg har sett mitt håp til ditt ord. Han veit at den som set si lit til Herren ikkje vil bli til skamme, for Gud er ein trufast Gud som held det han lover og gjer det han seier. Heile sitt liv har han stolt på Herren, og han har ikkje skuffa han. Gud er ein trufast Gud.

Dei som fryktar Herren er rundt han og med han, og dei gler seg saman med David når dei ser at Gud held det han lovar. Gode folk gler seg når det går godt for andre gode folk. Det er godt å kunna gleda seg over den framgang våre kristne sysken har. Når vi fryktar Herren er det naturleg å gleda seg når vi ser at han velsignar andre. Paulus seier, at når ein kristen lir, då lir vi andre saman med han, og når ein kristen blir æra, då gler vi oss saman med den personen (1 Kor 12,26). Det er alltid ei glede å sjå at andre blir velsigna og opplever framgang og glede i livet.

Når Paulus skriv til korintarane for å få dei til å gå i forbønn for han og medarbeidarane hans, er eit av motiva hans at det skal koma takk for dei frå mange menneske (2 Kor 1,11). Når mange har gått i forbønn er det mange som vil gleda seg når dei ser at Gud svarer. Han seier også at når Guds nåde stadig når fleire menneske og breier seg utover, vil det føra til takk i rikeleg mål, til Guds ære.

Det er godt å vita at vi ikkje er åleine i trua og tilliten til Herren. Det finst eit aukande tal av menneske som fryktar Herren. Dei vil gleda seg saman med oss når dei ser at vi står faste i håpet til Herren, at vi trufast ventar på Guds ord.

«Må alle som fryktar og elskar deg sjå korleis du tek deg av meg og gleda seg, for ordet ditt har slått rot i hjartet mitt, dine lovnader er mitt trygge håp.»

Comments