Ver varmhjarta mot meg!
Den beste måten å møta krenkingar på

Elsk meg ømt, så eg kan koma vidare!

Salme 119,77 Lat din kjærleik koma til meg, så eg kan leva, for eg frydar meg over di lov (Strong 8451).

Det er ei nydeleg bønn David ber i dette verset. Faktisk ber han mange inderlege bønner i denne salmen. Desse bønnene gjer oss innsikt i hans gudfryktige sinnelag og karakter. I seg sjølv har bønnene hans mykje å læra oss.

Lat din kjærleik koma til meg, så eg kan leva! For ei bønn. Hans høgste ønske er å leva i Guds kjærleik. Han ber ikkje om mental kunnskap om at han er elska av Gud. Nei, det er ikkje godt nok for han å vita med tankane sine at Gud elskar han. Lat kjærleiken koma til meg, slik at eg blir levande. Lat meg få kjenna at kjærleiken fornyar meg. Lat meg få oppleva at din kjærleik overveldar meg og omfamnar meg. Eg kan berre leva når eg kjenner at eg er elska av deg.

Det er dette han ber om, for han kan ikkje førestella seg eit liv utanføre Guds kjærlege vennskap. Gudfryktige folk kan berre vera tilfredse, når dei kjenner seg omfamna av Guds kjærleik. Guds trufaste paktkjærleik gjer at dei kan pusta fritt. Det er den einaste atmosfæren dei kjenner seg heime i.

For eg frydar meg over di lov. Det er Guds ord som gjev han denne trygge vissa om at Gud vil visa han kjærleik. Guds ord gjev han frimod til å be denne bønna. Han får håp og tru gjennom Guds lov. Når han frydar seg i Ordet, veit han at Gud i sin nåde vil koma til han. Det er han heilt avhengig av.

«Elsk meg ømt så eg kan koma vidare, for eg frydar meg i dine livgjevande sanningar!»

Comments