Kven vil vi ha som venner?
Når livet er vanskeleg og utfordringane er mange

Eit åndeleg sunt og godt hjarte

Salme 119,80 Lat meg følgja dine forskrifter med heilt hjarte så eg ikkje blir til skamme.

David avsluttar denne bolken, der alle versa startar med den hebraiske bokstaven jod, med ei inderleg bønn om nåde til å vera heilhjarta. Han har opplevd motgang og krenkingar. Han har sett at til og med gudfryktige folk kan låna øyret sitt til falske rykte. Han veit at menneske er svake og skrøpelege av naturen. Han kjenner seg sjølv altfor godt til å vera hovmodig og tru at han kan greia seg i eiga kraft.

Difor ber han om at Gud må hjelpa han til å følgja forskriftene hans av eit heilt hjarte. Han ønskjer seg eit hjarte som held fast på Guds ord under alle omstende. Det er eit hjarte som er åndeleg sunt og godt. Eit hjarte utan baktankar. Eit hjarte som ikkje er rote, men heilt og sunt. Han kunne ikkje slå seg til ro med ei ytre form for gudsfrykt, han ville ha ånd og liv og kraft.

Han visste at om han berre hadde ei ytre form for gudsfrykt og ikkje levde heilhjarta med Herren, då ville han ein dag bli til skamme. Det ønskte han av alle ting å unngå. Hyklarane, falske religiøse menneske og folk med berre ei ytre form for gudsfrykt vil på den store rekneskapsdagen bli ståande med skamma. Dei som har vore trufaste i lite, folk som har gjort det rette når ingen såg dei, folk som har vore heilhjarta og ærlege i tru og gjerning, - slike folk vil får høyra desse orda: «Heilt rett gjort, du gode og trufaste tenar. Du har vore trufast i lite, eg vil setja deg over mykje. Gå inn til gledefesten!»

Comments