Midt på natta vaknar eg for å takka deg
Heile jorda er full av Guds trufaste kjærleik

Eg elskar dei som elskar Herren.

Salme 119,63 Eg er venn med alle som fryktar deg, med dei som held dine påbod (6490).

David set ofte ord på kor høgt han elskar Gud. Her seier han at han også elskar Guds folk. Han elskar dei ikkje fordi dei er gode venner som støttar og hjelper han. Det er inga sjølvinteresse i den kjærleiken han har for Guds folk. Han vil vera dei venn på grunn av at dei fryktar Gud og held hans påbod.

Det har aldri vore lurt å vera venn med kven som helst. Paulus seier: «Dårleg selskap øydelegg gode vanar» (1 Kor 15,33). Her snakkar han om folk som var med i den kristne forsamlinga, men som likevel ikkje kjende Gud. I våre dagar er det mange som seier dei er kristne, men livet deira viser at dei ikkje kjenner Gud. Dei elskar lystene sine meir enn dei elskar Gud. Dei kan vera gudfryktige utanpå, men fornektar krafta i gudsfrykta (2 Tim 3,3-5). Slike folk må vi venda oss bort frå, elles vil dei smitta oss med si synd og få oss til å gå på kompromiss med Guds ord.

Det er verdt å merka seg det David seier i dette verset. Han viser oss kva slag kriterium som må liggja til grunn for dei vennskapane vi utviklar. Vi skal sjølvsagt vera vennlege og gode mot alle menneske, men først og fremst vil vi byggja nære vennskap med folk som fryktar Gud og held hans påbod.

Vi lever i underlege tider. Mange store og historiske kyrkjesamfunn sviktar Guds ord og innfører nye ordningar i samsvar med tidsånda og kva som er politisk korrekt. Ein menneskeleg tankegang er rådande og mange fornektar Guds ord. Dei motarbeider Guds lov. I desse krisetidene fører Gud dei som fryktar han og held hans påbod saman på tvers av konfesjonar og kyrkjesamfunn. Det veks fram eit nytt samhald mellom kristne som trur på heile Bibelen som Guds ord. Eg veit kor eg høyer til. Eg vil vera venn med alle som fryktar Gud og held hans ord. Eg elskar alle dei som går på Herrens vegar og nektar å gå på kompromiss med verdslege tankar. Eg vil vera venn med dei som er forfølgde og er i fengsel for Guds ord skuld (Hebr 10,32-39). Eg vil ikkje gjera forskjell på folk, men eg vil halda meg til og vera venn med dei som gjer rett, er heile i si ferd, taler sanning og fryktar Herren (så Salme 15 og Jak 2,1-13). Om dei er rike eller fattige, unge eller gamle har ingenting å seia. Eg elskar dei som elskar Herren.

«Alle som elskar deg og bøyer seg i lydnad til ditt ord skal vera mine venner!»

Comments