Elsk meg ømt, så eg kan koma vidare!
Kven vil vi ha som venner?

Den beste måten å møta krenkingar på

Salme 119,78 Lat dei frekke bli til skamme, dei som krenkjer meg med løgn. Eg grundar på dine påbod (6490).

David stod i en konstant kamp mot hovmodige og frekke folk. Dei krenkte han med løgn og falske rykte. Dette var gudlause syndarar som motarbeidde han fordi han var gudfryktig. Dei tilla han ureine motiv han ikkje hadde. Dei mistolka alt han gjorde. Dei vrei og vrengde på alt han sa. Påstandane deira var grunnlause, men det var ei stor påkjenning for den gudfryktige mannen å bli utsett for desse åtaka veke etter veke.

Det er dette som er bakgrunnen for David si bønn. Han hadde godt samvit. Han var ærleg og heil i si ferd. Han visste at dei laug på han fordi dei var imot han og ville skada han. Han var trygg i Herren og visste at han var uskuldig. Han kjende kanskje også ordtaket om at grunnlaus forbanning råkar ikkje. Om han tok løgnene på rett måte, kunne dei ikkje skada han.

Den beste måten å møta krenkingar på er å be slik David gjorde. Han bad om at dei frekke løgnarane måtte bli til skamme. Han la si sak i Herrens hender og venta at han skulle velsigna han på ein slik måte at alle kunne sjå at dei frekke hadde gjort urett mot han. Måtte motstandarane gå i seg sjølv og venda om frå sine ugjerningar. Måtte alle få sjå at det dei sa og gjorde for å skada David var feil.

Det neste vi kan gjera er å halda fram med vårt gudfryktige liv ved å grunda på Herrens påbod. Å meditera på Guds forskrifter vil effektivt hjelpa oss å sjå krenkingane, som vi blir utsett for, i rett perspektiv. Då vil vi ikkje ta hemn eller gjera ting vi seinare vil angra. Guds ord vil gjera at vi ikkje let oss vippa av pinnen av løgnene mot oss, for det viser oss at vi er rettferdige ved tru av berre nåde. Å grunda på Guds ord hjelper oss å halda balansen og stå støtt.

«Lat dei frekke løgnarane bli til skamme! Sjå korleis dei plagar meg og vil trykkja meg ned, på grunn av min lidenskap for dine påbod.»

Comments