Stolte skrytepavar spreiar vondsinna løgner om meg
Vi kan læra mykje gjennom liding

Dei frekke er sløve og hjartelause

Salme 119,70 Deira hjarte er sløvt av feitt, men eg frydar meg over di lov (Strong 8451).

Eg liker David sine poetiske skildringar av dei gudlause og frekke motstandarane sine. Her seier han at deira hjarte er sløvt av feitt. Dei forstår ingenting! Dei manglar fullstendig innsikt i Guds lov. Dei manglar forståing. Dei veit ikkje kva dei snakkar om når dei frekt og overmodig dekkjer oss med løgnene sine. Dei er ufornuftige, jamvel om dei kan ha høg utdanning. Dei er som dårar, tullingar og dummingar når dei motarbeider Guds lover. Deira hjarte er sløvt av feitt!

Men er frydar meg over di lov. Dette er David sitt svar til frekke og uforstandige menneske som spottar Guds ord med sine løgner. Eg frydar meg over di lov! For eit svar. For ei motgift. Han blir ikkje motlaus eller skamfull av løgnene. Han frydar seg i Guds ord. Han forlystar seg i Guds bod. Han finn glede og styrke i å halda Guds lov.

Motstandarane er sløve, men David er forfriska og full av liv. Slik kan vi også leva om vi lukkar øyra til fienden sine mange løgnar. Det finst inga fornuft i å gå imot Guds ord. Det finst inga framtid for dei som motarbeider Guds bod. Det beste vi kan gjera er å gleda oss og fryda oss i Guds gode lover.

«Dei frekke er eigentleg sløve og hjartelause, men eg finn min dyraste skatt i ditt ord.»

Comments