Før eg vart audmjuka, var eg på villspor
Stolte skrytepavar spreiar vondsinna løgner om meg

Alt du gjer er vakkert, det flyt frå ditt gode hjarte

Salme 119,68 Du er god, og det du gjer, er godt. Lær meg dine forskrifter!

Her startar David verset med å seia noko om Guds natur og hans gjerningar. «Du er god, og det du gjer er godt!» Det gode Gud gjer spring ut frå hans gode natur. Dette har David opplevd. Han har gjennom eit langt liv oppdaga at Gud er god og at alt han gjer spring ut frå hans gode vesen. Hos Gud er det fullkome samsvar mellom det han er og det han gjer.

Vi kan også seia med stort frimod at Gud er god og at alt han gjer er godt. Dette er ei djup bibelsk sanning til alle tider. Likevel er det ikkje alltid at vi verkeleg forstår kva dette inneber. For somme vil det innebera at Gud er snill og for andre vil det seia at berre det dei opplever som godt for dei, kjem frå Gud. Begge desse meiningane innskrenkar Gud og gjer han mindre enn han er.

Når Bibelen seier at Gud er god, tyder det at han er fullkomen. Alt han gjer er fullkome. Gud er slik som han skal vera, han er fullkomen – difor er han god. Han er god når han frelser. Han er god når han dømmer. Han er god når han høyrer bønn. Han er god når han straffar synd. Han er god i alt han gjer. Det er ikkje alltid vi forstår det, med alt Gud gjer er godt.

Det er difor vi må be den bønna David bad: Lær meg dine forskrifter! Guds forskrifter, hans bod og lover viser oss at Gud er god på ein praktisk måte. Fordi Gud er god har han gjeve oss sine lover som viser oss korleis vi kan leva gode liv. Guds gode lover skaper gode heimar og familierelasjonar. Guds gode lover skaper gode og trygge samfunn.

Guds gode ordningar er under press i våre dagar. Mange vil kasta Guds bod på skraphaugen. Dei vil gjera seg fri frå Guds gode lover og heller leva etter sine eigne lyster. Dessverre har desse negative kreftene vind i sigla i samfunnet i dag og vedtek lover som stir mot Guds ord. Berre tida vil visa kor katastrofalt dette vil vera for landet vårt.

Det er mi bønn at eg og alle kristne på ny må bli opplærde i Guds forskrifter slik at vi med frimod kan læra folket vårt å leva rett og godt.

«Alt du gjer er vakkert, det flyt frå ditt gode hjarte; lær meg krafta i dine underfulle ord!»

Comments