Eg vil gripa tak i Ordet!
Når motløyse og tunge tankar kjem krypande inn i sjela vår

Vi byggjer vårt håp på det Gud har lova.

Hovud temaet i det avsnittet, som no tek til med den hebraiske bokstaven zayin, er at salmisten blir forfølgd av fiendane som ikkje vil lyda Herrens lover, men at han likevel har full tillit til at Gud vil berga han. For han kviler i Herrens lov.

ז

Salme 119,49 Kom i hug ditt ord til din tenar. Gjennom det har du gjeve meg von.

Dette avsnittet startar ikkje uventa med ei bønn til Herren. David har lært å be. Han veit at Herren høyrer når han bed. I denne strofa minner han Gud på dei lovnadene han har fått frå Herren: Hugs det ordet du har gjeve tenaren din! Ikkje gløym å gjera det du har sagt! Dette er ei svært viktig lekse å læra.

For det første må vi læra å ta til oss ordet slik at det blir personleg for oss. Eller sagt på ein annan måte, vi må læra å høyra Guds røyst når vi les og grundar på orda i Bibelen. Det går an å lesa Bibelen utan å høyra Guds røyst, utan at Ordet taler til oss. Det må vi for alt verden unngå.

Eg er heilt overtydd om at Bibelen er Guds ord. Likevel kan det henda at eg les mine daglege kapittel utan at noko blir levande for meg, utan at noko taler til meg. Då må eg stoppa opp. Då må eg audmjukt be Herren om hjelp til å få tak i det han vil seia meg i det eg har lese. Så les eg ein gong til medan eg ber at eg må leggja merke til noko eg kan læra av det eg les. Som regel høyrer Gud den bønna og eg ser ting eg ikkje la merke til første gongen eg las.

Mange gode lovnader i Guds ord har vorte mine personlege ord frå Gud. Men eg får jo sjølvsagt ord frå Herren på andre måtar også. Det er det same korleis Guds ord kjem til oss, når vi har fått ein lovnad frå Gud må vi stadig minna Gud om det han har lova.

Legg merke til neste strofe: Gjennom det har du gjeve med håp! Når Gud taler til oss får vi håp. Gjennom Ordet får vi noko å vona på, noko å sjå fram til. Lovnadene frå Gud skaper lys i mørkret. Orda frå Gud driv dei mørke og tunge tankane bort, for dei skaper håp.

Det gode er at Gud er ein trufast Gud. Han held det han lover og gjer det han seier han vil gjera. Det er det same kor vanskeleg livet kan vera, Gud vil aldri gå frå oss eller sleppa oss. Når vi minner Gud på det han har sagt, hjelper det også oss. Det hjelper oss å halda fast på lovnadene og på håpet. Det hjelper oss å festa blikket på den trufaste Gud som held det han lover. Vi byggjer vårt håp på det Gud har lova.

«Herre, ikkje gløym dei lovnadene du har gjeve meg, for dei er mitt håp og frimod!»

Tekst: Erling Thu

Comments