Gjennom generasjonar har Guds ord vist vegen til eit godt liv i rettferd og fred
Musikken i livet mitt

Tenk at menneske vågar å seia nei til Herrens bod!

Salme 119,53 Eg blir gripen av harme over dei lovlause, dei som går bort frå di lov (Strong 8451).

Når David tenkjer på eller høyrer om dei lovlause, blir han gripen av harme over dei ugudelege. Å vera lovlaus er det same som å vera ugudeleg. Det er sterke ord som blir brukt om menneske som openlyst forkastar Guds lov. All synd er lovbrot, men her er det snakk om noko meir enn å falla i synd. Det David tek eit oppgjer med her er dei lovlause, dei som er så ugudelege at dei med vitande og vilje forkastar Guds ord og openlyst går imot Guds gode ordningar.

Når David ser korleis gudlause menneske vrakar Guds lov, blir han skremd og forferda. Han skjelv når han tenkjer på at menneske vågar å vanæra Gud på ein slik måte. Tenk at menneske vågar å seia nei til Herrens bod! Når han ser og tenkjer på korleis lovlause menneske går imot Guds lov, blir han gripen av heilag harme.

Dette minner meg på Jesus i templet. Då han såg at Guds hus hadde vorte ei røvarhole, ein stad kor folk utnytta folk med sin handel, vart han gripen av brennande harme. Han gjekk radikalt til verks for å stansa denne ugudelege framferd.

Gudfryktige menneske vil alltid lida i si rettferdige sjel når dei ser og høyrer dei lovlause. Vi veit at dei som forkastar Guds lov vanærar Gud og øydelegg seg sjølve. Begge delar gjer oss vondt å sjå.

«Kvar gong eg ser ugudelege menneske forkasta di lov, gjer det vondt djupt i sjela og eg tykkjer det er forferdeleg å sjå!»

Tekst: Erling Thu (c)

Comments