Inderleg og av heile mitt hjarte ber eg
Er vegane mine gode?

St Patricks brynje - ei god bønn i vår tid!

Herre, vi bind oss i dag til di makt

og tek på oss ei brynje av himmelsk styrke.

Guds styrke til å trøysta meg,

Guds kraft til å halda meg oppe,

Guds visdom til å rettleia meg,

Guds auge til å sjå etter meg,

Guds øyre til å høyra meg,

Guds ord til å tala for meg,

Guds hand til å føra meg,

Guds veg til å liggja klar for meg,

Guds skjold til å verna meg,

Guds englar til å frelsa meg

frå djevelens snarer,

frå freisting til å synda.

frå alle som vil meg vondt

både fjern og nær,

åleine og saman med andre.

 

Du held oss. Du leier.

Du vaktar, lyttar til vår trong.

Du lærer oss visdom.

Ditt skjold vernar, ditt ord opnar vår munn.

Din hærskare forsvarer oss.

Kristus hos oss og i oss,

bak oss og framfor oss,

Kristus som vinn oss,

som reiser oss opp.

Kristus under oss og over oss,

hos oss i fred og fare,

Kristus på vår venstre og høgre side,

Kristus når vi står opp om morgonen,

Kristus når vi legg oss om kvelden,

Kristus i kvart hjarta som tenkjer på oss,

Kristus i kvar munn som snakkar om oss,

Kristus i orda frå alle dei som står oss nær,

Kristus i kvart auge som ser oss,

Kristus i kvart øyre som høyrer oss.

 

Vi går fram i dag

i krafta frå den treeinige Gud,

i trua på den trefaldige,

i tillit til den eine,

han som skapte jorda

og forma himmelen.

Comments