Vi byggjer vårt håp på det Gud har lova.
Karikert og gjort narr av

Når motløyse og tunge tankar kjem krypande inn i sjela vår

Salme 119,50 Det er mi trøyst i nauda at ditt ord gjev meg liv.

På ny ser vi kor sannferdig David er når han snakkar om livet. Det er noko av det eg liker mest når eg les Salmane. David og dei andre salmistane er så brutalt ekte og ærlege i det dei seier. Dei legg ikkje skjul på vonbrot og vanskar. Dei skildrar beiske og vonde kjensler. Dei ser ord på mørke og tunge tankar. Men dei tek oss også med på dei jublande høgdepunkta i livet når dei feirar Guds frelse.

I dette verset er David i naud. Han har det vanskeleg. Av samanhengen forstår vi at denne nauda er noko fiendane hans har påført han. Motstandarane hans har gjort livet surt for han. Problema hopar seg opp og han ser inga synleg løysing. Alt er mørkt rundt han og han kjenner seg åleine. Han er i stor naud. Det er i slike stunder motløyse og tunge tankar kjem krypande inn i sjela vår. Då treng vi Guds trøyst, slik David gjorde.

David fann si trøyst i Guds ord. Ordet skapte tru og liv. Ordet gav han håp og forfriska han. Eg har opplevd det same mange gonger. Når nauda har vore stor og dei tunge tankane har vore vonde å sloss med, har eg gong på gong funne trøyst og nytt pågangsmot i Ordet. Eg lever ikkje av brød åleine, men kvart ord frå Guds munn gjev meg liv. Guds gode ord er ei kjelde til liv. Midt i mørkret og den vonde nauda finn eg trøyst i at det han har lova set meg i stand til å leva gjennom det vonde og koma ut på andre sida, - i live i Guds kraft og nåde.

«I alle mine prøvingar og vanskar finn eg stor trøyst i dine lovnader, for dei held meg i live!»

Tekst: Erling Thu (c)

Comments