Musikken i livet mitt
Min praksis

Når livet er vanskeleg og mørkret er stort

Salme 119,55 Herre, eg kjem i hug namnet ditt om natta, og eg held di lov (Strong 8451).

Om natta kjem eg i hug namnet ditt, seier David. Når det er mørkt og frykt og angst bankar på døra, hugsar han på Herrens namn. For ein lærdom vi her får del til. Om natta, i mørkret, når tankane svirrar i hovudet og det er heilt uråd å falla til ro og sova, då gjer salmisten noko vi alle burde gjera. Han kjem i hug namnet til Herren – Den Evige Eg Er! Det er alltid godt å tenkja på dette namnet, men spesielt godt når ting er vanskeleg.

Gud openberra namnet sitt for Moses ved å seia at han er den han er, Jahve – Eg Er! Han er den evige sjølveksisterande Gud. Han er den allmektige Skaparen. Han er den allmektige Oppretthalderen. Han er den allmektige Fullendaren. Han har mange namn som gjev oss stor trøyst. Han er vår himmelske Far som elskar oss med ein evig og grenselaus stor kjærleik. Han er den allmektige forsørgjaren. Han er vår trygge borg og festning. Han er Gud som gjev all trøyst. Han er frelsar og utfriar. Han er Herren som lækjer oss. Han er Herren vår rettferd. Han er Herren vår siger. Han er den han er.

Å koma i hug namnet er å tenkja på kven Gud er. Ingen ting gjev oss meir trøyst og oppmuntring enn å minna oss sjølv på kor stor og god Gud er. Han er trufast. Han er heilag og rettferdig. Han er nådig og miskunnsam. Gud er kjærleik. Gud er lys, det finst ikkje noko mørker i han. Han er opphav til alt godt.

Når livet er vanskeleg og mørkret er stort, er det godt å minnast at Guds namn er Trufast. Han vil aldri sleppa oss eller gå frå oss. Han vil fullføra sin gode gjerning i oss, heilt til Jesu Kristi dag. Det er trygt å kvila i hans gode hender.

Når vi kjem i hug Herrens namn og hugsar på kven Gud er, er det ikkje så vanskeleg å vilja gjera hans vilje. Eg held di lov, seier David. Eigentleg seier han, at når han minnast Herrens namn, tenkjer han også på hans lover og kor godt det er å gjera hans vilje.

«Om natta tenkjer eg på kven du er, Herre, og difor lyder eg din lov og gøymer orda dine til meg som ein skatt i hjartet!»

Tekst: Erling Thu (c)

Comments