Eg skundar meg, eg dryger ikkje!
Midt på natta vaknar eg for å takka deg

Når dei freistande tankane slyngjer seg rundt meg med sin vondskap

Salme 119,61 Dei lovlauses band slyngjer seg om meg, men eg gløymer ikkje di lov (Strong 8451).

På ny viser David til den kampen han står i. Han seier at fiendane hans prøver å fanga han med banda sine. Han kjenner at desse lovlause banda slyngjer seg om han. I denne omsetjinga kan det verka som om han alt er fanga, medan andre utgåver seier at dei prøver å fanga han med banda sine. Ved å ikkje gløyma Guds lov bergar han seg frå dei lovlause banda.

Når vi les desse orda, går tankane våre til jegeren som prøver å fanga dyr eller fuglar i garnet sitt, slik David skildrar andre stader (Sal 18,5-6; 124,7; 55). Her seier han at dei lovlause prøver å fanga han med band som dei får til å slyngja seg om han. Dei lovlause, blir også omsett med dei gudlause eller dei vonde. Det hebraiske ordet tyder på at dette er menneske som gjer det som er galt og vondt. Dei bryr seg ikkje om Guds lov og er stolte av sin syndige livsstil.

Slike lovlause menneske vil alltid prøva å undergrava tilliten til Guds ord. Dei kjem med mange fornuftige bortforklaringar for å få oss til å tru at Guds bod ikkje gjeld i dag. Med sine forklaringar og appellar til menneskelege kjensler, slyngjer det seg usynlege band rundt oss. Om vi ikkje er vakne, er det lett å bli fanga i ateistiske og humanistiske tankar. Magnus Malm har skrive ei tankevekkjande bok om dette med tittelen «Som om Gud ikke finnes». Der skildrar han korleis vi som kristne blir sekularisert og fanga i ein verdsleg tankegang.

Legg merke til at David snakkar om dei lovlause i fleirtal. Desse gudlause og vonde menneska hata han på grunn av gudsfrykten hans. Det går fram av det hebraiske språket og samanhengen. Det var gjengar eller flokkar som slo seg saman mot han. Dei gjorde så mykje vondt dei kunne. Dei håna og spotta han. Dei karrikerte han og øydela han gode namn og rykte (119,51). Alt gjekk ut på å få han bort frå Guds ord.

«Men eg gløymer ikkje di lov»! Dette var måten David berga seg sjølv frå dei sleipe lovlause banda som ville slyngja seg om han. Dette vil berga oss også. Å gløyma er å vanvørda, ikkje respektera, forsømma, neglisjera eller å ikkje bry seg om Guds lov. Det er livsfarleg! Eg har dessverre sett gode kristne menneske blitt fanga i lovlause tankebaner og missa trua og bli øydelagd av synd.

Vi må fylla sinn og tankar med Guds ord. Då vil vi sleppa fri frå dei lovlause banda som vil slyngja seg om oss og gjera oss til slavar.

«Når dei freistande tankane slyngjer seg rundt meg med sin vondskap, vil eg ikkje eit einaste augneblikk gløyma å følgja dine bod!»

Comments