Tenk at menneske vågar å seia nei til Herrens bod!
Musikken i livet mitt

Musikken i livet mitt

Salme 119,54 Dine forskrifter er mine songar kvar eg enn held til.

For ei vedunderleg strofe i denne salmen, ein skikkeleg kontrast til det han nett har sunge om, harmen over dei lovlause som forkastar Guds lov. No snur han seg bort frå spotten og hånen frå dei som går bort frå Guds ord, og viser oss korleis han kan heva seg over motstanden han møter. Det gjorde han gjennom lovsong. Han var jo den store songaren og salmediktaren i Israel og no fortel han oss kor han fekk songane sine frå.

Dine forskrifter har vore mine lovsongar i det huset eg har gjesta. Eg set musikk til dine instruksjonar og syng dei med glede på mi pilegrimsvandring, seier han. Sjølv om vi opplever at vi er gjestar i verda, at vi er framande og utlendingar, kan vi likevel syngja lovsongar om Guds ord og lovnader. Slik David gjorde Guds forskrifter til lovsongar, kan vi også gjera Guds ord til våre lovsongar kvar stad vi held til.

Kvar eg enn held til, kan også omsetjast, det huset eg gjestar som ein pilegrim eller i det landet der eg er ein framand. Så lenge vi er gjestar på denne jorda og er på ein pilegrimsreise, kan vi gjera Guds ord til våre lovsongar. På vår vandring gjennom livet kan vi setja musikk til Guds forskrifter og lata dei vera temaet for våre glade songar. Når vi gjer det er det mykje lettare å både bera og å heva oss over motgangane i livet. Når vi lovsyng Guds ord reiser vi eit heilagt tempel over kvardagslivet.

«Dine forskrifter har vore musikken i livet mitt, i alle åra i mi pilegrimsvandring!»

Comments