Når livet er vanskeleg og mørkret er stort
Eg vil halda dine ord

Min praksis

Salme 119,56 Slik er det med meg, for eg tek vare på dine påbod (6490).

Slik er det med meg, eller slik har det gått med meg, seier David. Kva meiner han med det? Det på ein måte eit ope spørsmål. Det kan vera at dei peiker til neste strofe i salmen, eg tek vare på dine påbod, eller det kan visa til den velsigning og glede han har i å lyda Herrens lov. Eller det kan peika til den tillit han har til Guds ord.

Dette har eg fått del i, seier han, at eg har fått nåde til å ta vare på dine påbod. Dette er min praksis (NIV). Det er dette som er forventa av meg (SPCL, TOB). Dette har vore mitt privilegium (Kirkpatrick). Å alltid leva i samsvar med dine påbod er oppdraget mitt og den dyraste skatt eg har fått del i (GECL).

Det er ein veldig trygg og tilfreds tone i denne strofa: slik er det med meg. Han er glad og tilfreds fordi han tek vare på Guds påbod. Alle læresveinar vil finna stor glede når dei lukkast i å gjera det Meisteren seier. Det er alltid trygt å følgja Meisterens rettleiing. Når vi gjer det han seier vi skal gjera, vil resultatet alltid vera godt. Om vi ikkje høyrer nøye etter og ikkje er nøye med å følgja instruksjonane Herren gjev oss, vil resultatet ikkje bli godkjent. Gleda er stor om vi får høyra desse orda: Godt gjort, du trufaste tenar!

Vi er skapt i Guds bilete. Vi er skapt til å gjera hans vilje. Difor finn vi stor glede i å ta vare på påboda hans. Vi er trygge og tilfredse når vi gjer Guds vilje og lever etter hans lover som kan samlast i dette: Å elska Gud av heile vårt hjarte og å elska vår neste som oss sjølv.

«Å, for ei glede som er mi, når min praksis er å følgja dine vegar.»

Tekst: Erling Thu (c)

 

Comments