Når dei freistande tankane slyngjer seg rundt meg med sin vondskap
Eg elskar dei som elskar Herren.

Midt på natta vaknar eg for å takka deg

Salme 119,62 Midt på natta står eg opp og prisar deg for dine rettferdige lover.

Det er ei fantastisk god haldning David her gjer uttrykk for. Midt på natta står han opp for å prisa Gud har hans rettferdige lover. Til og med når han vaknar om natta lovpriser han Gud for at han alltid dømmer rettferdig. Det er heilt grunnleggjande i den kristne trua at Gud er rettferdig. Det er alltid godt å vita at Gud gjer det som er rett, for det gjev ei trygg kvile midt i krisetider. Alt Gud seier er rett og godt. Alle Guds lover er rettferdige og gode for alle menneske.

Legg merke til at David i dette verset ikkje takkar Gud alle hans velgjerningar og for at han er god mot han. Han prisar Gud for hans rettferdige dommar. Det er ikkje mange som snakkar slik i dag. Her har vi mykje å læra. Vi må øva oss opp til å takka Gud for hans rettferdige lover og dommar. Vi må minna oss sjølve på at Herren er vår dommar, Herren er vår lovgjevar, Herren er vår konge, og han skal frelsa oss (Jes 33,22). Det er med andre ord, dommaren, lovgjevaren og kongen som frelser oss!

Det gjer inntrykk å lesa at David står opp midt på natta for å prisa Gud for hans rettferdige lover. Det understreker kor viktig dette var for han. Det viser oss den takkande og lovprisande livsstilen som David hadde utvikla. Gjennom alle salmane til David skin denne takken fram. Han takkar Gud under alle forhold. Han kan klaga og ausa ut sine vonde kjensler og beiske tankar, men han sluttar alltid med å takka Gud midt i vanskane.

Vi bør takka Gud for hans rettferdige lover til alle tider. Midt på natta eller midt på dagen, det er alltid tid for å takka Gud for hans bod. Om vi er heime i vårt eige soverom, eller om vi er ute mellom folk, det er alltid godt og rett å takka Gud for hans rettferdige lover.

«Midt på natta vaknar eg for å takka deg, for ditt openberrings lys i Ordet er så rett og sant!»

Comments